Otto Heinrich Frank (12. mai 188919. august 1980) var ein tysk jødisk offiser og forretningsmann. Han er kjend som faren til dagbokforfattaren Anne Frank.

Otto Frank

Fødd12. mai 1889
FødestadFrankfurt am Main
Død9. august 1980 (91 år)
DødsstadBirsfelden
Konfliktarandre verdskrigen, den fyrste verdskrigen

Otto Frank blei fødd inn i ein tysk-jødisk bankierfamilie i Frankfurt. Han tenestegjorde i den tyske hæren på vestfronten under første verdskrigen, der han oppnådde graden løytnant og mottok Jernkrossen. I 1925 gifta han seg i Aachen synagoge med Edith Holländer som var dotter av Abraham Holländer, ein framståande forretningsmann i Aachen. Ekteparet Frank fekk døtrene Margot (fødd 1926) og Anne (fødd 1929).

Otto Frank og Miep Gies opnar Anne Franks hus i 1961.

Etter at nasjonalsosialistane tok makta i landet flytta Frank med familien til Amsterdam. Etter at Tyskland okkuperte lande under andre verdskrigen heldt dei seg skjult i Prinsengracht 263. Om morgonen 4. august 1944 storma politiet bygningen etter å ha fått eit anonymt tips. Otto Frank blei send til konsentrasjonsleirane Westerbork og Auschwitz. Kona hans svelta i hel i Auschwitz. Døtrene hamna i Bergen-Belsen, der dei døydde av tyfus.

Som den einaste overlevande familimedlemmen oppdaga Frank at Anne hadde skrive ei dagbok, som var blitt teken vare på av Miep Gies. Han lét først vera å lesa henne, men etter å ha transkribert boka bestemte han seg for å få henne gjeven ut. Han tok likevel ut nokre passasjar der Anne Frank skreiv negativt om mora.

I 1953 gifta Frank seg med ein tidlegare nabo, Elfriede Geiringer-Markovits, og slo seg ned i Basel i Sveits. Her brukte han resten av livet på å fremja dottera sitt minne og bodskap.

Monumentet for Otto Frank sine døtrer i Bergen-Belsen

Kjelder

endre

Litteratur

endre