Otto Heckmann
tysk astronom
Otto Hermann Leopold Heckmann (23. juni 1901–13. mai 1983) var ein tysk astronom.
Otto Heckmann | |||
| |||
Fødd | 23. juni 1901 Opladen | ||
---|---|---|---|
Død | 13. mai 1983 (81 år) Regensburg | ||
Nasjonalitet | Tyskland | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar | ||
Institusjonar | Hamburger Sternwarte Universitetet i Göttingen | ||
Alma mater | Universitetet i Bonn | ||
Utmerkingar | James Craig Watson-medaljen i 1961 Brucemedaljen i 1964 | ||
Medlem | Akademie der Wissenschaften der DDR Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det franske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Den internasjonale astronomiske unionen Det europeiske sørobservatoriet |
Det viktigaste forskingsområdet hans var astrometri, dynamikken i stjernesystem og kosmologi.
Heckmann var professor ved universitetet i Göttingen frå 1935 til 1941, og ved universitetet i Hamburg frå 1941 til 1969. Han var direktør for Hamburg observatorium frå 1941 til 1952 og direktør (1961–1967) og generaldirektør (1968–1969) for ESO. Frå 1967 til 1970 var han president i Den internasjonale astronomiske unionen.
Asteroiden 1650 Heckmann er namnsett etter han.
Kjelder
endre- «Otto Herman Leopold Heckmann», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014