Hamburger Sternwarte

Hamburger Sternwarte (Hamburg observatorium) er eit astronomisk observatorium som ligg i bydelen Bergedorf i Hamburg i Nord-Tyskland. Universität Hamburg har ått og drive observatoriet sidan 1968. Det blei grunnlagd i byen Hamburg og flytta til sin noverande stad i 1912. Observatoriet har operert teleskop i Bergedorf, på to andre steder i Hamburg og ved andre observatorium rundt om i verda, i tillegg til at det har støtta romfartar.

Hamburger Sternwarte

StadBergedorf i Hamburg i Tyskland
EigarUniversität Hamburg
Kart
Hamburger Sternwarte
53°28′50″N 10°14′28″E / 53.48043889°N 10.24101667°E / 53.48043889; 10.24101667

Historie endre

Stintfang (1802–1811) endre

Føregangaren til Hamburg observatorium var det private observatoriet til Johann Georg Repsold som blei bygga i 1802. Det låg opphavleg i Stintfang i Hamburg.[1] Han utstyrte observatoriet med utstyr han sjølv hadde laga i verkstaden si, mellom anna ein meridiansirkel på 8 fot, med en diameter på 3,5 fot som blei installert i 1803.[2] Napoleon sin invasjon av byen den 13. desember 1819 sette ein stoppar for aktivitetane ved observatoriet, og det blei øydelagd og rive.[2] Repsold lét seg ikkje stogga, og skreiv eit brev til senatet i Hamburg same året med planar for eit nytt observatorium for byen.[2]

Millerntor (1825–1906) endre

Senatet gav ikkje godkjenning før i 1820, og finansieringa var først klar i august 1821, med krav om at J.G. Repsold sjølv skulle stå for utstyret av eigen lomme.[2] På denne tida hadde sjøfarten blitt stadig meir viktig for byen og det var ei aukande oppfatting at observatoriet ville støtta navigasjonen og auka ryet og respekten for Hamburg på verdsbasis.[2] Bygginga av det nye observatoriet byrja 1824 og blei ferdig året etter ved Millerntor.[2] Repsold døydde i 1830 under ei brannsløkking (han var også en brannmann i Hamburg), og byen Hamburg stemte for å ta over og fortsetja drifta av observatoriet i 1833.[3] Den første direktøren var Charles Rümker, som hadde vore med Thomas Brisbane på å byggja det første australske observatoriet ved Parramatta.[4] Christian August Friedrich Peters blei assisterande direktør i 1834. I 1856 blei sonen til Rümker, Georg, direktør for observatoriet.

Etter flyttinga til Bergedorf blei det gamle anlegget delvis rive og ombygga til museet Museum für Hamburgische Geschichte.

Bergedorf (1912–) endre

På grunn av aukande lysforureining ble det i 1906 bestemt å flytte observatoriet til Bergedorf. I 1909 ble de første instrumentene flyttet dit og i 1912 ble det nye observatoriet offisielt åpnet.

Det europeiske sørobservatoriet blei grunnlagd i Bergedorf i 1962.

Hamburg 1m reflektoren (100 cm objektivblenderåpning) var verdas fjerde største reflektor då han blei teken i bruk i 1911.[5] Katalogar omfattar AGK3-Sternkatalog (fullført 1956-1964)

I 1968 blei observatoriet ein del av Universität Hamburg.[6] I 1979 blei det innvigd eit lite museum om Bernard Schmidt her.[7] I 2012 feira ein 100 år i Bergedorf.[8]

Tilknytte personar endre

Direktørar:

Bernhard Schmidt, oppfinnaren av Schmidt-kameraet, arbeidde på observatoriet med å laga telekcop og instrument og gjera observasjonar frå 1916. Walter Baade.[12]

I 1928 gjorde Kasimir Graf ei rekkje observasjonar i Hamburg før han flytta til Wien obervatorium.

Kjelder endre

  1. (tysk) Johann Georg Repsold - Der Gründer der Hamburger Sternwarte hos friedensblitz.de
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 (engelsk) History of the Observatory - EARLY HISTORY Arkivert 2014-01-02 ved Wayback Machine. hos uni-hamburg.de
  3. «Hamburger Sternwarte - Overview History». Arkivert frå originalen 27. juni 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  4. (tysk) [Charles Rümker, Erster Sternwartendirektor in Hamburg]
  5. «Hamburg Observatory - Overview: Buildings & Telescopes». Arkivert frå originalen 7. februar 2012. Henta 5. mars 2012. 
  6. «5. RECENT HISTORY (1968 - 2000)». Arkivert frå originalen 25. juni 2007. Henta 27. februar 2009. 
  7. «Appendix». Arkivert frå originalen 13. februar 2012. Henta 1. september 2015.  A SHORT HISTORY OF HAMBURG OBSERVATORY, BY STUART R. ANDERSON AND DIETER ENGELS, JULY 2004
  8. (tysk) 100 100 Years of the Observatory Bergedorf hos uni-hamburg.de
  9. http://www.adb.online.anu.edu.au/biogs/A020359b.htm
  10. Encyclopædia Britannica, Otto Heckmann
  11. «Nachrufe : Alfred Weigert». Mitteilungen der Astronomischen Gesellschaft Hamburg 76: 11. 1993. Bibcode:1993MitAG..76...11. 
  12. Donald E. Osterbrock; Walter Baade (2001). Walter Baade: A Life in Astrophysics. Princeton University Press. ISBN 0-691-04936-X.