Otto Jespersen (1860-1943)
Jens Otto Harry Jespersen (kjend som Otto Jespersen) (6. juli 1860–30. april 1943) var ein dansk lingvist.
Han var professor ved Københavns Universitet frå 1893 til 1925. Saman med Paul Passy grunnla han International Phonetic Association.
Jespersen var òg kjend som interlingvist. Han vart tidleg interessert i volapük og esperanto, og var ein av dei sentrale støttespelarane bak esperantoreforma ido. Seinare lanserte han sitt eige internasjonale hjelpespråk, novial, som fekk stor merksemd, men liten praktisk framgang.