Otto Leodolter (fødd 18. mars 1936) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar. Han vann den olympiske bronsemedaljen under vinterleikane i Squaw Valley i 1960. Både i 1961 og 1962 gjekk han til topps i hopprennet i Lahti.

Otto Leodolter
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 18. mars 1936
Mariazell
Død

16. desember 2020 (84 år)
Ried im Innkreis

Yrke skihoppar

Aktiv endre

Leodolters var aktiv skihoppar i ti sesongar, frå 1955 til 1964. Før 1958 vart han lite lagt merke til. På nyåret 1958 vart han derimot nummer fire i renn både i Innsbruck og i Bischofshofen, og vart samanlagt det året nummer seks i den tysk-austerrikske hoppveka. Same sluttplasseringa fekk han også i hoppveka 1958/59. Leodolter kom på så tredjeplass i hoppveka 1959/1960, året etter kom han på andreplassen, slått med 7,7 poeng av Helmut Recknagel frå Aust-Tyskland. Leodolter vann aldri noko hoppvekerenn, men var nummer to tre gongar; Innsbruck 1960, Bischofshofen 1960 og 1961.

Leodolter deltok i alle dei internasjonale skimeisterskapane frå 1956 til 1964. Han vart nummer 12 i Lahti 1958, og opplevde høgdepunktet då han fekk bronsemedaljen i det spesielle hopprennet under OL 1960 i Squaw Valley i California. Han vart dermed den fyrste austerrikaren som vann ein OL-medalje i øvinga. I ski-VM 1962 i Zakopane vart han nummer 15 og 16, medan han i Innsbruck i 1964 kom på 17. plassen i storbakken.

I 1961 delte Leodolter sigeren i Lahti-rennet med finske Veikko Kankkonen og Sovjets Koba Tsakadze. Året etter vann Leodolter på ny i Lahti, vel to poeng føre Antero Immonen frå Finland.

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Otto Leodolter – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar