Bischofshofen er ein by og ein kommune i landskapet Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har eit areal på 49,5 km² og i kring 10 300 innbyggarar i 2013. Byen ligg 544 meter over havet.

Utsyn over Bischofshofen
Kart over Austerrike, Bischofshofen markert med blå prikk

Byen har vakse fram kring eit kloster som vart bygt på staden i byrjinga av 700-talet. Namnet Bischofshofen tyder då også biskopsgarden. I dag er byen særleg kjend for å arrangere avslutningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Bjørn Wirkola vann dette rennet i tre år på rad, 1967-69.

Kjelder endre