Otto Torvik
Otto Torvik (fødd 12. juni 1901 i Bolsøy, død 1988) var norsk misjonær i Aust-Turkestan og i India, og han skipa Den Norske Muhammedanermisjon (NMM) i 1940 (no Kristen Muslimmisjon - KMM).
Otto Torvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. juni 1901 |
Død | |
Yrke | misjonær |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Otto Torvik er så sentral i organisasjonen Den norske Muhammedanermisjon, at desse to er mykje fletta inn i kvarandre. Soga om Torvik vert difor og noko av soga til misjonen. Difor vert nokre hovudliner av organisasjonen i Torvik si levetid tekne med.
Liv
endreSlekt og heimstad
endreOtto Torvik var frå Romsdal. Han vart fødd i Bolsøy sokn 12. juni 1901, og mora var sjuk då han vart fødd. Difor bad ho Gud om å bruka guten i si teneste. Etter folkeskulen gjekk han på Rauma folkehøgskule og fekk misjonskall den vinteren, og det klårna etter kvart: Han måtte verta misjonær! Då gjekk turen til Misjonsskulen på Fjellhaug i Oslo. Det norsk lutherske Kinamisjonsforbund dreiv skulen. Far til Otto Torvik var Ingebrigt Taraldsen frå Torvik i Romsdal. Han var bonde og lekpreikar.
Utdanning
endreNoreg og USA
endreEtter 5 ½ år på Fjellhaug var han ferdig – etter fire år tok dei på den tida lærarprøva. Nå var han både lærar og misjonær. Det var i 1927. På Fjellhaug gjekk han saman med andre kjende misjonærar, t.d. Asbjørn Aavik som reiste til i Kina.
Etter tida på Fjellhaug ville Torvik ta meir utdaning. Difor reiste han til Amerika og gjekk på Augsburg Seminary i Minneapolis der han tok magistergrad i teologi der eitt av bifaga var Islam. I ferien var han vikarprest på prærien i Sør-Dakota. Presten Hemmingsen hadde mange bøker, og Torvik las med interesse ei bok av muslimmisjonæren Samuel M. Swemer d. 1952. Det var der han fekk opne augo for muslimar (då vart dei kalla muhammedanarar) og kjende kallet til å arbeida mellom dei. Swemer skreiv om muslimane i Persia og austover ved Himalaya mot Kina og skriv: ”Me treng pionerar i Guds rike.” Nå var frøet sådd: Dette var livsoppgåva hans. Dette kallsoppdraget heldt han fast på heile livet. Sentral-Asia var hans arbeidsplass.
Oppgåva
endreIslam
endreI Sentral-Asia var det mange muslimar, og dette folket ville Torvik reisa til. I 1920-åra rekna dei med om lag 900 000 muslimar i verda og var slik den største religionen. Om dei rekna alle kristne kyrkjesamfunn under eitt, vart Islam nest størst. Før vart dei kalla muhammedanarar, og har då namn etter han som skipa religionen, Muhammed i Arabia. Han var fødd ikr. 570 e. Kr. i Mekka i det nåverande Saudi-Arabia, d. 632. Far hans var av fin slekt, men Muhammed vart tidleg utan foreldre. 25 år gammal gifte han seg med den 40 år gamle rike enkja Chadidja.
Då Muhammed var 40 år, vart han profet for sitt eige folk, men dei møtte han med mistru. I 622 drog han ut frå Mekka til byen Jatrib som fekk namnet Medina (profetbyen). Denne utferdsdagen vert kalla Hidjra som tyder brot, og er utgangspunktet for arabisk/muslimsk tidsrekning. Der fekk han framgang, og 8 år etter tok han Mekka med makt, og den vart hovudsetet for Islam. Berre to år etter døydde han. Då vart det snart maktkamp mellom tilhengarane og etter kvart oppstod det to store retningar i Islam som me framleis finn: sunnittar og shi’ittar. Seinare har fleire andre grupper stått fram med utgangspunkt i Islam, t.d. Ahmadiya-rørsla.
Koranen er islam si grunnbok. Ordet tyder opplesing eller resitasjon. Boka er delt inn i 114 surer (kapittel), men den er ikkje ordna kronologisk. Generelt kan ein seia at dei lengste surene er plassert først og vert rekna som yngst. Dei korte og eldste står då sist, med unnatak av Sura 1 som er kort og er ei slags inngangsbøn. Muslimane ser på Koranen som ei heilag og ufeilbar bok, og er kopi av ein himmelsk original.
Læra i Islam vert samanfatta i 5 grunnpilarar eller søyler. Heile Islam kviler på dei. Truvedkjenninga er mest kjend: Det er ingen gud utan Allah, og Muhammed er profeten hans. Den som seier det, er ein muslim. Dei bed fem gonger kvar dag, vend mot Mekka. Ein muslim skal gje almisse til sjuke og fattige og fasta, særleg i månaden Ramadan. Ein muslim bør òg dra på pilegrimsreis til Mekka minst ein gong i livet.
I Koranen står det om Jesus, der han er kalla Isa al Masih. Han er ein stor profet og var ein historisk person. Men han er ikkje Gud og døydde ikkje for syndene våre. Difor er han ikkje frelsar i Islam.
Problemet
endreProblemet Torvik stod overfor var av fleire slag. Hovudproblemet var eit feil folkeslag utan Gud og frelse, slik kristendommen ser det. Muslimane hadde sin eigen religion og sin eigen veg til Paradis. Men førte vegen fram til målet? Det var problemstillinga.
Problemet var difor ikkje at dei levde umoralsk eller var dårlege menneske. Og heller ikkje at alle var fattige og trong humanitær hjelp og bistand.
Vanskar
endreI Noreg møtte han eit anna problem eller vanske. Arbeidet mellom desse folk var vanskeleg og tungt. Muslimmisjon var ein heilt spesiell misjon. Han krev kanskje meir av misjonæren enn noko anna arbeid. Det er skilnad på folk, kor samanvakse dei er med sin religion. Han skjøna at muslimar var meir eitt med Islam enn mange andre.
Ingen organisasjon
endreDet var heller ingen eigen organisasjon som hadde dette som sitt spesialfelt. Nokre misjonsselskap arbeidde i land der det var muslimar. Men det var ikkje hovudsaka for misjonane. Det kunne sjå ut som om nokre selskap faktisk unngjekk område med muslimar. Skulle Torvik koma ut som spesiell muslimmisjonær, såg det ut som om han måtte ha ein ny organisasjon. Nokre som såg dette som sitt spesielle kall. Men dette såg han ikkje i byrjinga, det gjekk nokre år før det dukka opp.
Misjonær
endreDå Torvik kom heim frå Amerika, var det generalforsamling i Drammen i 1930 i Kinamisjonsforbundet der han høyrde til. Då skulle dei ta opp spørsmålet om Torvik skulle reisa ut som muslimmisjonær. Misjonsfolket vedtok då at han skulle reisa til Aust-Turkestan og byrja arbeid der. Berre 28 av 204 utsendingar stemde mot dette framlegget. Det var i Himalaya-området. Han hadde folk i Noreg bak seg då han reiste.
Aust-Turkestan
endreLandet ligg inneklemt mellom tidlegare Sovjet-statar, Kina, Kasjmir og Tibet. Det var fjell-landskap med fjelltoppar på 7-8000 meter over havet. Dit skulle Torvik. Seinare vart landet ein provins i Kina og kalla Sinkiang. Saman med sju andre reiste han austover mot Himalaya. Det var hausten 1931. Nokre svenske misjonærar skulle same veg, og dei vart til god hjelp for Torvik.
Det var ei strabasiøs reis. Dei mista mange trekkdyr på vegen opp gjennom fjella frå Nord-India. Torvik talde 80 døde dyr på ein halvtime medan dei reid bortover ”dødsvegen”, dei kalla han. Maten minka og stemninga var ikkje høg. Menneske hadde òg sett livet til her. 10. november nådde dei fram til byen Kuldja etter tree månader på reis. Han sende straks rapport heim om turen, og Torvik var flink til å skriva heim om arbeidet.
Lang tid gjekk med til undersøkingar. Då hadde han hjelp av dei svenske misjonærane, dei var utsende av Misjonsforbundet. Politiske tilhøve gjorde at han måtte endra planar fleire gonger. Fire år var han i Aust-Turkestan. Før han reiste heim, fekk han døypa ein ung kjøpmannsson, Abdulla Jan.
Fru Wiebe
endreEin ung lærar med kone og to døtrer hadde flykta frå Russland av religiøse grunnar. Det var lærar Heinrich Wiebe og kona Helene og døtrene frå Kirgisistan. Dei var nybyggarar i Ilidalen ikkje langt frå Kuldja. Men her døydde Heinrich i 1933.
Helene hjelpte til i misjonen, og etter to år vart dei forlova og Torvik skreiv heim om saka. Regelen var slik då at ekteskap måtte godkjennast av leiinga i misjonen. Begge skulle arbeida i misjonen.
I 1935 skulle dei reisa heim. Det var politisk uro i landet. I vest stod Sovjet og ville ta landet. Og i aust var Kina som og var interessert. Helene var flyktning utan pass og ville få vanskar med å koma ut. Men Torvik tok henne med gjennom Russland til Noreg på ei dramatisk reis. Mellom anna vart dei haldne 18 dagar i arrest av kommunistane i Alma Ata. Den norske konsulen hjelpte dei trygt fram.
Noreg - førebuing
endreTorvik var nå tilsett i Kinamisjonsforbundet i Noreg. Han var godt likt som talar der han reiste og var mykje nytta på sumarskular og ein tid på Fjellhaug. Han stod og i rik vekking eit par stader.
Men tanken på muslimane kunne han ikkje verta fri. Det var samtalar med leiinga i misjonen om ny utreis. Misjonen skulle nå teke til med arbeid i Mandsjuria. Og då meinte mange at det var vanskeleg å byrja på endå ein ny stad. Og nå var Aust-Turkestan stengt. Etter ei tid sa Torvik opp i misjonen frå 1. jan 1940, og eit nytt kapittel i livet hans byrja.
Krigen
endreDen store vansken denne gongen var krigen. Våren 1940 gjekk Tyskland til åtak på Noreg, og etter ei tid vart det uråd å reisa ut. Desse fekk åra brukte Torvik til å reisa landet rundt og samla vener til ein ny misjon som han skipa 1. jan 1940 med tanke på muslimmisjon. han fekk nokre vener med seg i Bergen. Dei skipa ein komite som fungerte som styre gjennom heile krigen. Dei tok og var på pengar som kom inn til arbeidet. Komiteen var Fridtjof Ludvigsen, Hermann Østrem og Sigvald Selbak og Torvik sjølv. Dei var me di dette arbeidet heile livet etterpå. Dei gav og ut eit blad, Lys over land – som vart stengt av NS i 1943. Frå 1945 har det kome ut.
Etter krigen
endre1945 var fredsåret og nye tider for Torvik og misjonen. 26. okt. 1945 samle dei seg i Bergen til konstituerande generalforsamling i Fiskarheimen med 54 som hadde stemmerett. Mange ting måtte ordnast når ein heilt ny organisasjon skulle skipast. Hovudkontoret vart nå flytt til Oslo. Fleire meinte at det måtte liggja i hovudstaden.
Då organisasjonen var eit faktum, gjekk mykje arbeid for Torvik med til å finna ei ny misjonsmark i Sentral-Asia. Fleire stader var det nå stengt mest av politiske årsaker.
India
endreI 1947 vart India sjølvstendig, og det var stor spenning om korleis misjonsarbeidet ville få det nå. 3. juledag 1947 fekk fam. Torvik visum til India, og i januar 1948 drog dei dit. India var godt kjent for norske misjonsvener. Den legendariske Lars Skrefsrud byrja arbeid her og Santalmisjonen vart skipa i 1867. Dei var både i Santalistan og andre provinsar. Men Torvik fann ein stad med mange muslimar der det ikkje var misjon før – i Murshidabad i Bengal. Han byrja først i byen Dhulian som hadde 16000 innbuarar, men der lukkast det ikkje. I 1950 byrja han for alvor i Sajinipara. Det var ein stasjonsby med mange landsbyar ikring.
Etter fem år var det tid for ferie i Noreg. Og i januar 1953 kom fam. Idar og Harriet Egeland til India og tok over arbeidet der. Dei var i landet i 15 år.
Etter ferietida kom Torvik attende til India og byrja arbeid i Calcutta. Der var han og leiar av leseværelset/velferdskontoret for skandinaviske sjømenn. Og dei hadde ein kyrkjelyd i byen, og Torvik hadde slik kontakt både med heimlandet og folket i India. Helene hadde ikkje sterk helse, og dei måtte dra heim att før tida.
Misjonsleiar i Noreg
endreI 1958 var Torvik attende i Noreg. Nå tok han over som leiar for sin eigen misjon, som Generalsekretær etter Nils Bloch-Hoell som sa opp si stilling. Nå tok ei travel tid til for Torvik. Han reiste land og strand og tala Guds ord og om misjonen. Ofte i tre veker kvar månad var han på reis. Den eine veka gjekk med til kontorarbeid. Han hadde ei uvanleg god helse. Litt av kontoret hadde han i kofferten. Slik gjekk det i 8 år. Då gjekk han over til å vera reisetalar, og han sparde seg ikkje nå heller. Og Torvik var forkynnar. Også etter pensjonsalder reiste han mykje i Noreg. Men då han var 75 år ville han trappa ned og vera heime. I 1973 var dei på ei kort vitjing i India og fekk sjå arbeidet han byrja 25 år før.
Medarbeidarar
endreI Noreg
endreDei første medarbeidarane i Noreg då misjonen vart starta, var dei som var med i komiteen i Bergen. I tillegg var Gunnar Lislerud sekretær i byrjinga og deretter Reidar Wang og N. Bloch-Hoell. Margit Dahle var lenge på kontoret i Oslo. Her tek me berre med folk som var med i byrjinga: Alf Andersen, Leif Bakeng og Alfred Dahl reiste for misjonen. Andre var mest knytt til krinsarbeidet. I Møre og Romsdal var Ivar I. Grøtta, Leif Bakeng og Ansgar Urkegjerde akative. I Trøndelag var Jon Røed og Ludvig Høvik aktive, og i Bergen finn me Torviks gode ven F. Ludvigsen, Berent Giil og Georg Skjetne. I Agder og Stavanger krins var Gustav Handberg den første sekretæren, deretter Egil Møller-Jonassen og Tollak Jakobsen, som alle gjorde eit stort arbeid i misjonen og var nære vener av Torvik. På Austlandet var Ragnar Thorstensen den første sekretæren og var sentral i alle år der.
I andre land
endreAust-Turkestan
endreI landet ved Himalaya hadde Torvik kontakt med svenske misjonærar, men måtte for det meste greia seg på eiga hand. Den første og einaste han døypte der var Abdulla Jan, som han òg skreiv eit hefte om. Her var han òg åleine som misjonær, send ut av Det norske Kinamisjonsforbund, nå Norsk Luthersk Misjonssamband. Kona Helene hjelpte han ei tid – dette var før dei var gifte.
India
endreI India møtte han norske misjonærar i Santalmisjonen, der var det og danskar og folk frå andre land. Slik sett var det lettare for han her. Han fekk indiske medarbeidarar, og seinare for fleire norske misjonærar dit. Søster Gudrun Sæther var ei trufast diakonisse i Sajinipara frå 1954 til 1986. Her var og fam. Egeland og ei tid Berit Svendsen. I Calcutta var Gerd Ognedal gift Bonarjee lærar i mange år. Ho var tidlegare Santalmisjonær.
Andre land
endreI Torvik si tid var også Arne og Päivi Rudvin i Pakistan og Lars og Anne Marie Gaustad i Kamerun.
Skrifter av Torvik:
endre- Guds medarbeidere. Bibeltimar utgjeve av Misjonskurset på Fjellhaug i 1939. Nytrykk ved NMM i 1986.
- Mellom Muhammedanere. Bergen 1939 og 1946.
- Abdulla Jan. Bergen 1940 og 1942.
- Bak Himalaya. Bergen 1945.
- Muhammedanermisjon. Oslo 1961.
- Blant muhammedanere i India. Stavanger1967.
- Frelse og ansvar (Preiker. Stavanger 1971.
- Helene fra Kirgisistan. Oslo 1981.
- Artiklar i bladet Lys over land.
- Artikkel i boka: A. Tangeraas: kamp og spenning. Oslo 1945, s. 300-314.
Kjelder
endre- Utrykte kjelder ved NMMs kontor (forhandlingsprotokollar, rekneskap, brevarkiv).
- Torvik sine eigne bøker.
- Nils Bloch-Hoell: Muhammedanermisjon. Oslo 1954. Brosjyre.
- Jens Christensen: Islam. København 1959.
- Torben Christensen: En kirke blir til. 1957.
- Nils Dybdal-Holthe: På troens veier. Torviks 75-årsdag. 1976; og: På Jesu bud. NMM 50 år.1989.
- Olav Hodne: The Seed bore Fruit. Dumka 1967.
- Gunnar Melbø: Islam – et misjonskall, udat.; og: Korset kaller udat.; og: Krigerprofeten, 1951.
- O. G. Myklebust (red): Muhammedanismen som misjonsproblem. 1949.
- Norsk Misjonsleksikon 1-3. 1965.
- Geir Valle: Religionene og kristen misjon. 1973.
- A. Romarheim: Muslimenes tro og vår egen tro. udat.
- Arne Rudvin: Evangeliet og Islam. 1971.
- Lys over land - blad for orgsanisasjonen.