Opna hovudmenyen
For øya Bolsøya, sjå Bolsøya.

Bolsøy er eit tidlegare herad i Romsdal i Møre og Romsdal. Heradet blei 1. januar 1964 innlemma i Molde kommune saman med delar av Veøy og Mordal krins i Nord-Aukra herad. Bolsøy omfatta områda nord for Fannefjorden og Moldefjorden, sett bort frå Molde bykommune, som den omslutta. I tillegg omfatta kommunen halvøya mellom Fannefjorden og Langfjorden, Bolsøya og ein del mindre øyar i Romsdalsfjorden. Ved samanslåinga hadde kommunen 7996 innbyggarar.

Sjå ogsåEndra