Otto Ville Kuusinen

finsk politikar

Otto Ville (Wilhelm) Kuusinen(4. oktober 188117. mai 1964) var ein finsk og sovjetisk politikar, litteraturhistorikar og poet, som etter nederlaget i den finske borgarkrigen flykta til Sovjetunionen, der han arbeidde fram til sin død.

Otto Ville Kuusinen
О́тто Вильге́льмович Ку́усинен
Ottokuusinen.jpg
Fødd4. oktober 1881
Laukas
Død17. mai 1964 (82 år)
Statsborgar avStorfyrstedømmet Finland, Finland, Terijokiregjeringa, Sovjetunionen
PartiFinlands sosialdemokratiske parti, Sovjetunionens kommunistiske parti, Communist Party of Finland
Yrkepolitikar, skribent, lyrikar, litteraturkritikar, diplomat
Utdanna vedHelsingfors universitet
Imperial Alexander University
EktefelleAino Kuusinen
BarnHertta Kuusinen
MedlemDet russiske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Politbyrået i Sovjetunionen

BiografiEndra

Tidleg karriereEndra

Etter å ha styrta partiet sin moderate partileiar J.K. Kari i 1906 kom Kuusinen til å dominera Finlands sosialdemokratiske parti. Han var leiaren for den finske revolusjonen i 1918 som oppretta den kortvarige finske sosialistiske arbeidarrepublikken. Etter at dei raude tapte borgarkrigen flykta Kuusinen til Moskva og var med på å starta Finlands kommunistparti. Han var medlem av Finlands parlament frå 1908–1913 og var partileiaren til partiet mellom 1911–1917.

Kuusinen heldt fram med arbeidet sitt som ein av dei viktigaste medlemmane av Komintern i det bolsjevist-kontrollerte Russland, som kort tid etter vart til Sovjetunionen. I Finland heldt den moderate fraksjonen av det sosialdemokratiske partiet fram under Väinö Tanners leiing.

Arbeidsløyse og ulike tiltak mot dei raude i Finland i tida etter borgarkrigen fekk mange finske sosialistar til å emigrera til Sovjetunionen for å bygga sosialismen der. Men Stalin sine utreinskingar var eit hard slag for finnane i Sovjetunionen, og dei fleste av dem som ikkje flykta attende til Finland vart avretta.

TerijokiregjeringaEndra

 
Utanriksministeren i Sovjetunionen, Molotov, underteiknar bistandspakta mellom Sovjetunionen og Terijokiregjeringa 2. desember 1939. Ståande frå venstre: Zjdanov, Voroshilov, Stalin og Kuusinen.

Etter at sovjetiske styrkar invaderte Finland 30. november 1939, vart Kuusinen utnemnt som formann for Terijokiregjeringa, Stalin sin marionettstat (den såkalla finske demokratiske republikken) meint for å styra det okkuperte Finland. Men sidan krigen ikkje utvikla seg som Sovjetunionen hadde planlagt, og ei fredsavtale med den finske regjeringa vart uunngåeleg for den sovjetiske regjeringa, vart Kuusinen si regjering lagt til side og han vart i staden utnemnt som formann for det Karelo-finske SSRs råd mellom 1940–1956.

Kuusinen si deltaking i Terijokiregjeringa gjorde at han fekk rykte blant finske sosialistar som ein quisling. Opprettinga av regjeringa viste at det i Vinterkrigen var Finlands eksistens som sto på spel, og dette medverka til at det finske folket samla seg for å kjempa mot den sovjetiske invasjonen.

Anna arbeid og dødEndra

Etter å ha flykta frå Finland til Sovjetunionen vart Kuusinen ein viktig embetsmann i den statlege administrasjonen. Han var medlem av Sovjetunionens Politbyrå, det høgaste statlege organet. Kuusinen heldt fram arbeidet sitt under styret ti lNikita Khrusjtsjov (1953–1964). Han var sekretær for sentralkomiteen til Sovjetunionens kommunistparti mellom 1957 og 1964. I 1952 og i 1957 vart han òg vald til presidiumet av sentralkomiteen.

Kuusinen var ein av redaktørane av Marxismen-grunnlaget til leninismen, som vert sett på som ein av dei grunnleggjande verka innanfor dialektisk materialisme og leninistisk kommunisme.

Kuusinen vart vald til medlem av Det sovjetiske vitskapsakademiet i 1958.

Kuusinen døydde i Moskva 17. mai 1964. Han vart kremert og oska vart gravlagd ved Kreml-muren. Dottera hans Hertta Kuusinen var òg ein framståande politikar etter andre verdskrigen.

ReferansarEndra