Otto Winter-Hjelm
Otto Winter-Hjelm (fødd 8. oktober 1837 i Christiania, død 3. mai 1931) var ein norsk komponist, organist, dirigent og musikkritikar. Han fekk utdanninga si i Leipzig og Berlin.
Otto Winter-Hjelm | |||
| |||
Fødd | 8. oktober 1837 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 3. mai 1931 (93 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | akademisk musiker, komponist, dirigent | ||
Mor | Wilhelmine Johanne Helene von Munthe af Morgenstierne | ||
Far | Claus Winter Hjelm |
Winter-Hjelm var ei førande drivkraft innan norsk musikk på slutten av 1800-talet. Han oppretta ein musikkskule i 1864, og starta og dreiv eit musikkakademi i Christiania saman med Edvard Grieg i 1866. Akademiet vart nedlagt då Grieg reiste til Italia i 1869.
Under salmesongstriden gav Winter-Hjelm ut mange skrift som demonstrerte stor og djuptgåande sakkunnskap. Han gav òg ut fleire pedagogiske skrift.
Han komponerte blant anna to symfoniar, fleire songar for mannskor, og dessutan universitetskantaten Lyset. Han var organist i Trefoldighetskyrkja i Oslo frå 1874 til 1921 og musikkritikar i Aftenposten frå 1887 til 1913.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Otto Winter-Hjelm» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2011.