Ourthe er ei 165 km lang elv i Ardennane i Wallonia, som ligg i Belgia. Ho er ei av sideelvane til Maas frå høgre. Ho har sitt utspring der elvene Ourthe Occidentale og Ourthe Orientale renn i hop, vest for Houffalize.

Ourthe
elv
Hotton, utsyn over Ourthe og bykyrkja.
Land  Belgia
Sideelvar Amblève, Vesdre
Lengd 165 km
Kjelde Ourthe Occidentale og Ourthe Orientale
Munning Maas
Kart
Ourthe
50°7′44″ N 5°40′38″ E
Wikimedia Commons: Ourthe
Ourthe Occidentale og Austre Orientale renn i hop

Kjelda til Ourthe Occidentale er nær Libramont-Chevigny, i den belgiske provinsen Luxembourg. Kjelda til Ourthe Orientale er nær Gouvy, òg i den belgiske provinsen Luxembourg, nær grensa til staten Luxembourg.

Etter at dei to elvene renn saman, renn Ourthe hovudsakleg nordvestover. Ho munnar ut i Maas ved byen Liège. Dei viktigaste sideelvane til Ourthe er Amblève og Vesdre. Av landsbyar langs Ourthe finn ein Houffalize (Ourthe Orientale), La Roche-en-Ardenne, Hotton, Durbuy, Hamoir og Esneux.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ourthe