Ardennane (nederlandsk Ardennen, fransk Ardennes) er eit skogkledd, åslendt område i Belgia og Luxembourg, som òg strekkjer seg inn i Frankrike (og som har gjeve namn til departementet Ardennes og regionen Champagne-Ardenne her).

Ardennane innanfor belgiske Wallonia.

Geografi endre

 
Landsbyen Frahan og den ardenniske elva Semois.

Mykje av Ardennane er dekkja av tett skog med åsar på ei høgd om kring 350 til 500 meter. Det myrlendte området Hautes Fagnes nordaust i Belgia strekkjer seg derimot opp mot 650 meter. Området har forholdsvis bratte dalsider som er skjert ut av dei stride elvane i området. Den mest kjende av elva er Maas. Dei største byane i området er Liège og Namur, som begge ligg i Maasdalen. Det bur elles relativt lite folk i Ardennane.

Eifel-kjeda i Tyskland grenser opp til Ardennane og er ein del av den same geologiske formasjonen, sjølv om dei vert rekna som to forskjellige område.

Historie endre

Området har fått namnet sitt frå det antikke Arduenna Silva, eit stort skogområde i romartida som strekte seg frå elva Sambre i Belgia til Rhinen i Tyskland. Dei moderne Ardennane dekkjer eit mykje mindre område.

 
Amerikanske styrkar i Ardennane under Ardennaroffensiven.

Den strategiske posisjonen til Ardennane har gjort dei til ei slagmark i fleire hundre år. Området skifta eigarar mange gongar i løpet av den tidlege moderne tida, der delar av dei belgiske Ardennane var del av både Frankrike, Tyskland, Spansk Nederland og Det sameinte kongeriket Nederland. På 1900-talet såg ein ikkje på Ardennane som passande for store militære operasjonar på grunn av det vanskelege terrenget og dei smale kommunikasjonslinjene. Under både Den første og Den andre verdskrigen gambla tyskarane med raske passasjar gjennom Ardennane for å angripe eit relativt lite forsvart område av Frankrike. Ardennane var åstad for tre store slag under verdskrigane – Ardennarslaget under den første verdskrigen, og Frankrikes fall og Ardennar-offensiven under andre verdskrig. Mange landsbyar i dette området vart kraftig rasert under dei to verdskrigane.

Økonomi endre

Det kuperte terrenget i Ardennane avgrensar omfanget av jordbruk, men ein har enkelte opne område med dyrkbar jord og meieridrift. Området er rikt på tømmer og mineral, og Liège og Namur er begge store industrisenter. Dei store skogane har eit rikt dyreliv, og det naturskjønne området byr på mange fritidsaktivitetar som jakt, sykling, gåturar og kanoroing. Området er eit viktig turistmål i Belgia.

Kjelder endre

 
Utsyn over Maas i dei franske Ardennane