Out of Time av R.E.M.

Out of Time
Studioalbum av R.E.M.
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1991
Innspelt September–oktober 1990
Sjanger Alternativ rock
Lengd 48:25
Selskap Warner Bros. Records
Produsent Scott Litt og R.E.M.
R.E.M.-kronologi 
Green
(1988)
Out of Time Automatic for the People
(1992)


Out of Time er eit musikkalbum frå 1991 utgjeve av den amerikanske musikkgruppa R.E.M..

Albumet kombinerer element av pop, folkemusikk og klassisk musikk, som på det førre albumet, Green, men i tillegg innførte R.E.M. og element frå country, som dei heldt fram med på det neste albumet Automatic for the People i 1992. Albumet inneheld fleire R.E.M.-klassikarar som «Losing My Religion», «Near Wild Heaven» og «Country Feedback»[1]

Singelen «Losing My Religion» vart gjeven ut før albumet og vart den største hitten til bandet i USA og var med på å slå bandet igjennom verda over. Albumet gjekk til førsteplass på både den amerikanske og den britiske albumlista. På VG-lista nådde albumet 4. plass og låg på lista i totalt 34 veker i 1991, 2000 og 2001.[2] Albumet vann tre Grammy Awards i 1992, ein for «beste alternative musikkalbum» og to for den første singelen «Losing My Religion».

I 1998 stemde lesarane av musikkmagasinet Q Out of Time fram som det 38. beste albumet gjennom tidene, medan det på ei ny kåring i 2006 hamna på 37. plass. I 2006 vart albumet valt ut av TIME Magazine som eit av dei 100 beste albuma nokon gong.[3]

Innhald

endre

Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

  1. «Radio Song» - 4:15
  2. «Losing My Religion» - 4:28
  3. «Low» - 4:56
  4. «Near Wild Heaven» - 3:19
  5. «Endgame» - 3:50
  6. «Shiny Happy People» - 3:46
  7. «Belong» - 4:06
  8. «Half a World Away» - 3:28
  9. «Texarkana» - 3:40
  10. «Country Feedback» - 4:09
  11. «Me in Honey» - 4:06

Fotnotar

endre
  1. «Out of Time». All Music Guide. Henta 11. februar 2008. 
  2. «Out of Time». vg.no. Henta 11. februar 2008. 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. november 2007, henta 11. februar 2008