Ouzel
Ouzel (tidlegare kalla Lovat) er ei elv i England. Ho er ei sideelv til Great Ouse, og renn frå Chiltern Hills til Newport Pagnell, ei strekning på omkring 32 km
Det gamle namnet Lovat er kjent frå 1200-talet i forma Lovente. Eit kart frå 1724 markerer elva som Lowsel, medan eit frå 1765 kallar ho Ouzel. Ordnance Survey brukar berre Ouzel. Ved Newport Pagnell brukast enno dei to namna om kvarandre.
Løp
endreElva har utspringet sitt rett nord for Dagnall. Ho renn så langs grensa mellom Bedfordshire og Buckinghamshire. Ho tek opp i seg tre mindre sideelvar: Ouzel Brook frå Houghton Regis, Whistle Brook frå Pitstone og Clipstone Brook frå Milton Bryan. Elva renn så gjennom Leighton Buzzard og Milton Keynes. Ho møter der endå ei sideelv, Water Eaton Brook. Ved Newport Pagnell renn ho ut i Great Ouse.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ouzel» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2011.