Chiltern Hills
Chiltern Hills er ein kalksteinsrygg i Søraust-England. Dei vert lokalt kalla «the Chilterns». Ein stor del av åsane vart erklært Area of Outstanding Natural Beauty i 1965.
The Chilterns strekkjer seg 75 km sørvest til nordaust frå Goring-on-Thames i Oxfordshire, gjennom Buckinghamshire, via Dunstable Downs og Deacon Hill i Bedfordshire, til nær Hitchin i Hertfordshire.[1]
Grensa mellom åsane er tydeleg definert på nordvestsida av ein bratt skrent, medan åsane glir meir forsiktig over i landskapet i søraust.[2] På liknande måte markerer Themsen ei tydeleg grense i sørvest, medan dei nordaust for Luton går slakt ned mot landskapet kring.
Ryggen har skapt ein naturleg veg gjennom landskapet, og den romerske vegen Icknield Way følgjer same linje.
Busetnader
endreFram til jernbanen og seinare bilvegane kom, var Chilterns hovudsakleg eit landleg område med småbyar langs hovudvegen gjennom åsane. Plasseringa til åsane, nordvest for London, har ført til at store vegar, jernbanelinjer og kanalar er ført gjennom åsane. Desse vart plasserte i høvande dalar, som High Wycombe, Hemel Hempstead, og dette førte til at folk busette seg i området.
Byar og landsbyar i området
endre- Aldbury, Amersham, Apsley, Ashridge
- Barton-le-Clay, Beaconsfield, Bellingdon, Berkhamsted, Bledlow Ridge, Bovingdon, Bradenham, Breachwood Green, Buckland Common
- Caddington, Chalfont St Giles, Chalfont St Peter, Chartridge, Chesham, Chinnor, Chiltern Green, Christmas Common, Cholesbury
- Dunsmore, Dunstable
- Edlesborough, Ellesborough
- Fawley, Fingest, Flackwell Heath, Frieth
- Gerrards Cross, Goring-On-Thames, Great Kingshill, Great Missenden, Great Hampden, Great Offley
- Halton, Hambleden, Hawridge, Hemel Hempstead, Henley-on-Thames, Hexton, High Wycombe, Hitchin, Hughenden
- Ibstone
- Jordans
- Kensworth
- Lane End, Ley Hill, Little Chalfont, Little Kingshill, Little Missenden, Little Gaddesden, Lilley, Luton
- Markyate, Marlow, Medmenham
- Naphill, Nettlebed, Nuffield, Oxfordshire
- Pishill, Princes Risborough, Prestwood, Redbourn
- Skirmett, Sharpenhoe, Shiplake, Southend, Speen, St Leonards, Stokenchurch, Stonor, Streatley (Beds).Studham
- Thame, Tring, Turville
- Walter's Ash, Watlington, Wendover, West Wycombe, Whitwell, Whipsnade, Wigginton, Woodcote
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chiltern Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Chiltern Society, The Chilterns Arkivert 2011-09-07 ved Wayback Machine..
- ↑ L. W. Hepple and A. M. Doggett, The Chilterns, 2nd ed, Phillimore, 1994, ISBN 0-85033-833-6, page 7.