Bedfordshire
Bedfordshire er eit grevskap i England og ein del av regionen Aust-England. Grevskapet har kring 600 000 innbyggjarar.
Bedfordshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt grevskap |
Opphav | Historisk |
Region | Aust-England |
Areal | 1 235,4 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2020) - Folketettleik |
682 311[1] 552,3 /km² |
Etnisitet | 86,3 % kvite 8,3% sørasiatiske 2,9% svarte |
Distrikt | |
![]() |
Det grensar til Cambridgeshire i nordaust, Northamptonshire i nord, Buckinghamshire i vest og Hertfordshire i søraust.
Det høgaste punktet i grevskapet er Dunstable Downs på 243 meter over havet i Chilterns.
Det tradisjonelle kallenamnet på folket frå Bedfordshire er «Bedfordshire Bulldogs» eller «clangers». Det siste kjem frå ein lokal matrett som består av ein smultbolle fylt med kjøt eller syltetøy eller begge delar.
Historie endre
Namnet vart første gong nemnt i 1011 som Bedanfordscir, som tyder grevskapet (shire) Bedford, som igjen kjem av Beda's ford (vadestad).
Bedfordshire var historisk delt inn i ni herrad (hundred): Barford, Biggleswade, Clifton, Flitt, Manshead, Redbournestoke, Stodden, Willey, Wixamtree, samt kommunen (borough) Bedford.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Bedfordshire» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2009.