Opna hovudmenyen
Over and Over
Singel av The Dave Clark Five
frå albumet Glad All Over
B-side «I'll Be Yours (My Love)»
Utgjeve 1965
Sjanger Rock
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Robert James Byrd
Produsent Dave Clark
The Dave Clark Five-kronologi
«Catch Us If You Can»
(1965)
Over and Over «Try Too Hard» (Storbritannia)
«At the Scene» (USA)
(1966)


«Over and Over» er ein song skriven av Robert James Byrd og spelt inn av han under scenenamnet Bobby Day. Versjonen hans gjekk inn på Billboard Hot 100 i 1958 og nådde 41. plassen. B-sida til songen var «Rockin' Robin».[1] Thurston Harris sin versjon nådde 96. plassen på same lista.

Dave Clark Five-versjonenEndra

I 1965 vart den mest sukessrike versjonen av songen spelt inn av The Dave Clark Five, eit av dei tidlege banda i den britiske bølgja midt på 60-talet. Denne versjonen vart sungen av Mike Smith. I USA gjekk «Over and Over» heilt til topps på den amerianske Billboard-lista, som den einaste singelen deira.[2] Det var òg den siste hitten i 1965. Trass i suksessen i USA, nådde singelen berre 45. plassen i heimlandet Storbritannia.[3]

Andre versjonarEndra

I 1981 spelte Mike Love frå The Beach Boys inn songen på soloalbumet Looking Back With Love.[4]

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 148. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 129. 
  3. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits (5th Edition). New York: Billboard Books. s. 189. ISBN 978-0823076772. Henta 29. april 2018. 
  4. «Mike Love - Looking Back With Love». Discogs.