Mike Smith i Dave Clark Five

Michael George Smith (6. desember 194328. februar 2008) var ein engelsk songar, låtskrivar og musikkprodusent.[1]

Mike Smith

Smith i 1964 på Ed Sullivan Show
Fødd6. desember 1943(1943-12-06)
FødestadEdmonton i Middlesex i England
Død28. februar 2008 (64 år)
DødsstadAylesbury i Buckinghamshire i England
FødenamnMichael George Smith
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til 2003
Sjangerpop, rock, beat
InstrumentVokal, klaverinstrument
Tilknytte artistarThe Dave Clark Five
PlateselskapColumbia (EMI), Epic
Verka somSongar-låtskrivar

I 1960-åra var Smith solovokalist og klaverspelar i The Dave Clark Five. Bandet var leiande i den britiske bølgja i USA og var ei kort stund dei viktigaste rivalane til The Beatles før The Rolling Stones kom på banen.

Biografi endre

Smith møtte først Dave Clark då dei begge var medlemmar på same fotballag for St. George Boys Club.[2] 17 år gammal vart han invitert i bandet til Clark.[2]

 
Dave Clark Five på The Ed Sullivan Show i 1966. Frå venstre: Denis Payton, Dave Clark, Mike Smith, Rick Huxley og Lenny Davidson.

Med Smith på vokal, piano eller orgel (og stundom gitar i seinare år),[2] debuterte bandet med singelen «I Knew It All the Time» i juni 1962[2] som var tilskriven det då ukjende bandet The Dave Clark Five featuring Mike Smith. Som songar i bandet vart Smith ofte rekna som den andre stjerna i bandet i lag med Clark.[2]

Smith fortsette å arbeidde med Clark i 1970-åra, etter bandet var oppløyst, som «Dave Clark & Friends.» I 1976 spelte Smith inn eit album med den tidlegare Manfred Mann-songaren, Michael d'Abo. Elles i 1970-åra og i 1980-åra arbeidde Smith hovudsakleg som produsent og låtskrivar og skreiv musikk for reklamar.[2]

Smith byrja å spele att i 1990-åra som Mike Smith's Rock Engine.[3]

Sonen til Smith, James, omkom i juni 2003 i ei dykkeulukke i Raudehavet.[2] Tre månader seinare vart Smith hardt skadd i heimen sin i Spania då han hadde låst seg sjølv ute og prøvde å klatre ein tre meter høg port og fall ned og landa på hovudet. Han braut ryggsøyla tre stader og vart permanent lam frå livet og ned og i høgre armen, medan han hadde lite rørsle att i venstrearmen. Smith døydde 28. februar 2008, 64 år gammal, av lungebetennelse.[4] Han døydde berre 11 dagar før han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Dave Clark Five.

Kjelder endre

  1. «1960-åra British Rock and Pop Chronology – Birth of a Nation» (birthdates), Gordon Thompson, 2006-09-17, webpage: Skidmore-BritRock.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Mike Smith: Information from Answers.com» (biography), Answers Corporation, 2006, webpage: AnswersCom-Mike-Smith.
  3. «DAVE CLARK FIVE SINGER-SONGWRITER MIKE SMITH TO LAUNCH FIRST U.S. TOUR...» (bio), The Regent Theatre, Arlington, MA, 2003-01-28, webpage: Regent-Mike-Smith-Tour.
  4. «Dave Clark Five singer Smith dies». BBC. 28. februar 2008. Henta 29. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mike Smith i Dave Clark Five