Dekksoffiser

Dekksoffiser er ei nemning som vert brukt om skipsoffiserarhandelsskip: navigasjonsutdanna befal, til skilnad frå maskinoffiser.[1]

Ein norsk skipsførar og ein kvinneleg matros på ferja MF «Bastø I» på veg inn mot Moss.

Besetning som tenestegjer som skipsførar, overstyrmann og ansvarshavande vaktoffiser, ofte kalla første- eller andrestyrmann, må i samsvar med forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk og STCW-konvensjonen ha kompetansesertifikat for dekksoffiser utskrive av Sjøfartsdirektoratet.[2][3]

Det vert skilje mellom fem klassar av kompetansesertifikatet, der dekksoffiser klasse 5 er det lågaste og dekksoffiser klasse 1 er det høgaste. Dei ulike klassene angjev funksjonen innehavaren kan ha på skipet, i tillegg til eventuelle avgrensingar i bruttotonnasjen på skipet og fartsområde. Sertifikatklassene vert mellom anna av Sjøfartsdirektoratet forkorta til D1, D2, D3, D4 og D5.[4]

SertifikatklasserEndra

Dekksoffiser klasse 1, sjøkapteinEndra

Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 1 gjev rett til å tenestegjere på skip uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde som ansvarshavande vaktoffiser, overstyrmann og skipsførar. Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 1 gjev einerett til tittelen sjøkaptein.

Dekksoffiser klasse 2Endra

Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 2 gjev rett til å tenestegjere som ansvarshavande vaktoffiser på skip uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde, overstyrmann på skip uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde, og som skipsførar på skip med bruttotonnasje opp til 500 i Nord- og Østersjøfart. Dersom innehavaren har nok relevant fartstid kan vedkomande tenestegjere som skipsførar på skip med bruttotonnasje opp til 3000.

Dekksoffiser klasse 3Endra

Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 3 gjev rett til å tenestegjere som ansvarshavande vaktoffiser på skip uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde, og i tillegg som overstyrmann på skip med bruttotonnasje opp til 3000 i uavgrensa fartsområde. Dersom innehavaren har nok relevant fartstid kan vedkomande tenestegjere som skipsførar på skip med bruttotonnasje under 500 i Nord- og Østersjøfart.

Dekksoffiser klasse 4Endra

Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 4 gjev rett til å tenestegjere som ansvarshavande vaktoffiser uansett skipsstorleik og fartsområde, og i tillegg som overstyrmann på skip med bruttotonnasje under 500 i Nord- og Østersjøfart. Dersom innehavaren har nok relevant fartstid kan vedkomande tenestegjere som skipsførar på skip med bruttotonnasje under 500 i Nord- og Østersjøfart.

Dekksoffiser klasse 5Endra

Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 5, ofte kalla kalla kystskippersertifikat[5], gjev rett til å tenestegjere på skip med bruttotonnasje under 500 i Nord- og Østersjøfart som ansvarshavande vaktoffiser og overstyrmann. Dersom innehavaren har nok relevant fartstid kan vedkomande tenestegjere som skipsførar på skip med bruttotonnasje under 500 i Nord- og Østersjøfart.

Stillingsnemningar[6]Endra

I samsvar med forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk skilst det mellom tre stillingsnemningar for dekksoffiserar; skipsførar, overstyrmann og ansvarshavande vaktoffiser, ofte kalla første- eller andrestyrmann.

  • Skipsførar er den som har den øvste myndigheit om bord.
  • Overstyrmann er den dekksoffiseren som har rang nest etter skipsførar og overtek kommandoen på skipet dersom skipsførar vert ute av stand til å ivareta sine plikter.
  • Ansvarshavande vaktoffiser på bru og dekk er den som har ansvar for bruvakt eller lasta-/lossevakta.

UtdanningEndra

Utdanning som dekksoffiser kan fåast både ved fagskule og høgskule.[7][8]

Opptak til fagskoleutdanninga krev fullført og bestådd vidaregåande opplæring med fagbrev som matros eller fiske og fangst, og dessutan minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy. Opplæringa vert gjeve på to nivå, operativt nivå og leiingsnivå. Det er krav om bestått operativt nivå for å kunna melda opp seg til sluttvurdering på leiingsnivå. Fullførd opplæring i operativt nivå gjev teoretisk kompetanse til å løysa kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, medan fullførd opplæring på leiingsnivå gjev teoretisk kompetanse til å løysa kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 1, sjøkaptein.[9][10]

Opptak til høgskuleutdanninga krev generell studiekompetanse, og i tillegg forkurs ingeniør. Alternativt opptak er gjennom Y-vegen, der opptakskravet er fagbrev som fiskar eller matros. Utdanninga er 3-årig bachelor, og gir teoretisk kompetanse til å løysa kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 1, sjøkaptein.

For kompetansesertifikat klasse 5 kan teoretisk kompetanse alternativt oppnåast ved gjennomført kurs. Desse kursa har gjerne ein kombinasjon av undervising i klasserom, på simulator og heimestudie mellom samlingane.[11]

ReferansarEndra

  1. «Bokmålsordboka | Nynorskordboka». ordbok.uib.no. 
  2. «| Vilbli.no». www.vilbli.no (engelsk). 
  3. «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - 4. Sertifikatkrav dekksavdeling - Lovdata». lovdata.no (norsk). 
  4. «Søk personlig maritimt sertifikat - Sjøfartsdirektoratet». www.sdir.no (norsk). 
  5. «Bli kjent med yrket: Kystskipper». utdanning.no (norsk bokmål). Henta 27. mars 2018. 
  6. «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - 4. Sertifikatkrav dekksavdeling - Lovdata». lovdata.no (norsk). 
  7. «Dekksoffiser, heltid». utdanning.no (norsk bokmål). Henta 27. mars 2018. 
  8. «Nautikk, ingeniør - bachelor». utdanning.no (norsk bokmål). Henta 27. mars 2018. 
  9. «Dekksoffiser på operativt nivå - Sett Sjøbein». Sett Sjøbein (norsk bokmål). Henta 27. mars 2018. 
  10. «Dekksoffiser på ledelsesnivå - Sett Sjøbein». Sett Sjøbein (norsk bokmål). Henta 27. mars 2018. 
  11. «Få kystskippersertifikatet D5 - kurs hos Kursguiden.no 2018». Kursguiden.no (norsk).