Owe Ingemann Waltherzøe

norsk politikar

Owe Ingemann Waltherzøe, tidl. Owe Jørgensen[1] (fødd 12. august 1963) er ein norsk politikar. Han var partileiar i Industri- og Næringspartiet frå opprettinga til 25. januar 2024.

Owe Ingemann Waltherzøe
Fødd12. august 1963 (61 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1979; 2019), Industri- og Næringspartiet (29. februar 2020; 25. januar 2024)
Yrkepolitikar
InstitusjonarEquinor
MedlemArbeidarane si ungdomsfylking

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Waltherzøe har fagbrev som prosessoperatør og tok fagbrev på Norsk Hydro på Herøya. Han har arbeidd som ekspeditør i jarnvarehandel og motorsagreparatør for Joby, og dessutan har han drive Lyngør båtselskap. Waltherzøe har også hatt stilling som skipssjef i Sjøforsvaret, med graden som løytnant. Frå 1998 arbeidde han i Statoil (no Equinor), der han var tillitsvald, hovudverneombod og konserntillitsvalt. I to periodar var han organisasjonssekretær for fagforbundet SAFE.[2]

Politisk karriere

endre

I 2011 vekte Waltherzøe åtgaum då han byrja ein anti-valkampanje i heimbyen Porsgrunn, der han delte ut kvite roser i protest mot Arbeidarpartiets lokale skulepolitikk og nedlegging av Hovet skole.[3]

I 2020 var han ein av initiativtakarane som skipa partiet Industri- og Næringspartiet. Han har sidan danninga vore leiaren av partiet.[4]

Som leiar for INP vart Waltherzøe klandra for å vera «diktatorisk».[5][6] Han tok fyrst ein pause,[7] men valde å forlata leiarposten den 25. januar 2024 etter strid i partileiinga og mistillit.[8][9]

Kjelder

endre
  1. «Vendte Carl I. ryggen». Porsgrunns Dagblad. 9. mars 1990. 
  2. «Bli kjent med partilederen». INP. Henta 30. mars 2023. 
  3. «Trebarnsfar med antivalgkampanje mot Arbeiderpartiet». Telemarksavisa (på norsk). 20. august 2011. Henta 1. juli 2023. 
  4. Lilleås, Jørgen Berge, Heidi Schei (22. september 2022). «Etter at han var hos Fredrik Solvang gikk pilene til himmels». Telemarksavisa (på norsk). Henta 30. mars 2023. 
  5. Jenny Dahl Bakken, J. D., Tassamma, A.; Juven, O.; Tangestuen V.; de Brito Jonassen, A. & Mathisen, M. «Oslo-leder beskrev partileder som diktator i feilsendt dokument: Nå tar hun avstand» (på norsk bokmål). NRK. Henta 25. januar 2024. 
  6. Kira Venbakken & Mathias Hagen. «Sparkes ut av INP: – Han er en diktator, ferdig snakka» (på norsk bokmål). Nettavisen. Henta 25. januar 2024. 
  7. «Partilederen i INP tar pause på flere måneder» (på norsk bokmål). NRK. Henta 25. januar 2024. 
  8. Laik Hanbaly. «Waltherzøe går av som partileder i INP» (på norsk bokmål). NRK. Henta 25. januar 2024. 
  9. Øvrebø, E. F. & NTB. «Owe Ingemann Waltherzøe går av som partileder i INP» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 25. januar 2024.