Industri- og Næringspartiet
Industri- og Næringspartiet (INP) er eit politisk parti i Noreg som blei skipa på Vemork på Rjukan den 29. februar 2020.[6] Det skildrar seg sjølv som sentrumsorientert.[7] Ungdomsorganisasjonen til partiet er Industri- og Næringspartiet Ungdom (INPU).[8]
Industri- og Næringspartiet | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Owe Ingemann Waltherzøe[1] | ||
Grunnlagt | 2020 | ||
Hovudkvarter | Porsgrunn | ||
Ungdomsorg. | Industri- og næringspartiet Ungdom (INPU)[2] | ||
Medlemstal | 11 600 (2023)[3] | ||
Ideologi | euroskeptisisme, populisme, økonomisk nasjonalisme | ||
Politisk posisjon | Blokkuavhengig (erklært) Høgresida/sentrum-høgre (skildra)[4][5] | ||
Farge | Asur, Oransje | ||
Slagord | «Stabilitet og forutsigbarhet» | ||
Ordførarar | 0 / 357
| ||
Kommunestyre- representantar | 238 / 9 336
| ||
Fylkestings- representantar | 29 / 678
| ||
Stortings- representantar | 0 / 169
|
I oktober 2022 hadde Industri- og Næringspartiet 7 000 medlemmar, og i august 2023 hadde medlemstalet passert 11 600.[9] Partileiar er Owe Ingemann Waltherzøe.[7]
Industri- og Næringspartiet samla dei naudsynte 5 000 underskriftene frå røysteføre nordmenn og blei registrert som nasjonalt politisk parti av Brønnøysundregistra 6. mai 2020.
Program og ideologi
endreIndustri- og Næringspartiet plasserer seg sjølv i det politiske sentrum. Partiet har ingen uttalt ideologi, men har kalla seg eit sentrumsorientert moderat parti med verdiar frå både høgre- og venstresida i det politiske landskapet.[10][11][12] Partiet legg «sunn fornuft», demokrati, rettferd og utvikling av norsk næring til grunn for sin politikk. Partiet er motstandar av norsk EU-medlemskap, EØS-avtalen, vindkraft og elektrifisering av sokkelen.[13] Partiprogrammet blei utarbeida med utgangspunkt i forslag frå medlemmar av Facebook-gruppa til INP.[14] Partiet heitte, i utviklingsfasen, kun "Industripartiet (IP)", men endra tidleg namn til dagens "Industri- og næringspartiet (INP)".[15]
Då det nye partiet skulle presentere seg for den norske ålmenta, lanserte det slagorda «Stabilitet og forutsigbarhet» og «Utvikling, ikke avvikling». INP kunngjorde at det blant anna ville arbeide for å hindre ei avgrensing av olje- og gassnæringa og for betre rammevilkår for næringslivet generelt.[10]
Fusjon med Helsepartiet
endre31. januar 2023 vedtok Helsepartiet å fusjonere med Industri- og Næringspartiet.[16][17] Helsepartiet slutta dimed som sjølvstendig parti.
Valgresultat
endreIndustri- og Næringspartiet stilte lister i alle fylke fyrste gongen ved stortingsvalet 2021.[18][19]
I kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 stilte partiet lister i 138 kommunar.[20] Partiet fekk ei nasjonal oppslutning på 3,0 %, og totalt 239 kommunestyrerepresentantar fordelt på 115 kommunar. Partiet fekk si høgaste oppslutning i Vega kommune med 28,5 % og blei der det nest største partiet, bak Arbeidarpartiet. Partiet blei største parti i Vanylven kommune, med 19,1 % av røystene.[21]
I fylkestingsvalet fekk Industri- og Næringspartiet 4,3 % av røystene.[22] Partiet hadde størst oppslutning i Telemark og Vestland, med høvesvis 6,7 % og 6,1 % av røystene.[23]
Val | Røyster | Mandat | |
---|---|---|---|
Tal | Andel | ||
Stortingsvalet 2021 | 10 031 | 0,3 % | 0 / 169 |
Kommunestyrevalet 2023 | 79 882 | 3,0 % | 239 / 9 344 |
Meiningsmålingar
endreIndustri- og Næringspartiet blei målt til 3,5 % oppslutning på landsbasis i partibarometeret til VG 14. mars 2023, og ville fått to representantar på Stortinget.[24]
INP blei i august 2023 målt over sperregrensa tre gongar. Partiet fekk 4,6 % oppslutning på InFacts augustmåling,[25] like før Norstat publiserte sitt partibarometer, der INP fikk 4,8 %.[26] Målinga til Sentio er partiets hittil høgaste, på 5,1 %.[27]
Partileiing
endreOwe Ingemann Waltherzøe er per januar 2023 partileiar, Joar Nesse er 1. nestleiar og Finn Arne Follestad er 2. nestleiar.[7]
Periode | Namn |
---|---|
2020– | Owe Ingemann Waltherzøe |
Kjelder
endre- ↑ https://www.nrk.no/norge/waltherzoe-gar-av-som-partileder-i-inp-1.16733249.
- ↑ «Virksomhetsopplysninger : INPU (Industri- og Næringspartiet Ungdom)». data.brreg.no. Brønnøysundregistrene. Henta 24. februar 2023.
- ↑ https://www.adressa.no/nyheter/innenriks/i/y6rnVa/industripartiet-har-flere-medlemmer-enn-mdg.
- ↑ «Vi har lest partiprogrammet til INp: Slik passer de inn i norsk politikk» i Nettavisen Økonomi.
- ↑ «Derfor kan INP bite seg fast» i Dagsavisen.
- ↑ NRK (1. mars 2020). «Nytt politisk parti». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. mai 2020.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 «Om INP». INP. Henta 17. januar 2023.
- ↑ «Virksomhetsopplysninger : INPU (Industri- og Næringspartiet Ungdom)». data.brreg.no. Brønnøysundregistrene. Henta 24. februar 2023.
- ↑ NTB (24. august 2023). «Industripartiet har flere medlemmer enn MDG». adressa.no (på norsk). Henta 25. august 2023.
- ↑ 10,0 10,1 «INDUSTRI- og NÆRINGSPARTIET» (på norsk). Industri- og næringspartiet. Henta 8. mai 2020.
- ↑ Frafjord, Erlend (4. oktober 2019). «Nytt parti vil gi oljeindustrien fullt spillerom: – Ap er overtatt av akademikere». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. mai 2020.
- ↑ «Industri- og Næringspartiet ser seg selv midt mellom Ap og Høyre». www.rablad.no (på norsk). 29. februar 2020. Henta 8. mai 2020.
- ↑ Industri- og næringspartiet. «INP, kjernesaker». Industri- og næringspartiet. Henta 13. mars 2023.
- ↑ ungdom (INPU), Richardo Slagstad Kierulf (15), Industri-og næringspartiets (19. desember 2022). «Vi er ikke «udemokratiske klimafornektere»». Nettavisen (på norsk). Henta 5. januar 2023.
- ↑ Frafjord, Erlend (4. oktober 2019). «Nytt parti vil gi oljeindustrien fullt spillerom: – Ap er overtatt av akademikere». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. august 2023.
- ↑ «Helsepartiet slår seg sammen med Industri- og næringspartiet». TV 2. 1. februar 2023. Henta 24. februar 2023.
- ↑ NRK (1. februar 2023). «Helsepartiet og Industri- og næringspartiet slås sammen». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2023.
- ↑ Journalist, Hilde Nyman (21. april 2020). «Industri og næringspartiet ett skritt nærmere å delta i valget 2021». enerwe.no (på norsk). Arkivert frå originalen 12. mai 2020. Henta 8. mai 2020.
- ↑ «Tall for hele Norge Stortingsvalg 2021». Valgresultat.no (på norsk). Henta 22. september 2021.
- ↑ «Industri- og Næringspartiet stiller til valg i 138 kommuner og fylker». Dagsavisen (på norsk). 11. april 2023. Henta 13. september 2023.
- ↑ «Valgresultat for Norge – Valg 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. september 2023.
- ↑ «Valg 2023: Her er valgresultatene fra kommunevalget». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 8. september 2023. Henta 13. september 2023.
- ↑ «Valgresultat for Norge – Valg 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. september 2023.
- ↑ VG, Foto: Espen Rasmussen / (14. mars 2023). «VGs partibarometer: Industripartiet fosser frem». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 17. mars 2023.
- ↑ «Sjokkmåling: – Er'u gæ'rn? Nå får jeg tårer i øynene her, fytti grisen». Nettavisen (på norsk). 8. august 2023. Henta 9. august 2023.
- ↑ «- Helt sykt, jo!». dagbladet.no (på norsk). 15. august 2023. Henta 15. august 2023.
- ↑ «INP fosser fram på ny meningsmåling». Nettavisen (på norsk). 22. august 2023. Henta 22. august 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Industri- og Næringspartiet» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2023.