Owe Jonsson (23. november 194029. september 1962) var ein svensk friidrettsutøvar frå Växjö som under EM i friidrett 1962 vart europameister på 200 meter.

Owe Jonsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 23. november 1940
Växjö
Død

29. september 1962 (21 år)
Växjö

Idrett friidrett

Jonsson vart svensk meister på 200 m åra 1960-62, og på 100 m i 1961 og 1962. Den 30. august 1961 sette han svensk rekord på 200 m med 21,2, ein rekord han få veker seinare forbetra til 21,0, for så, den 1. oktober, å forbetre den til 20.8 sekundar. 10. juli 1962 flytta han den nasjonale rekorden til 20,7, ein rekord som vart ståande til 1976-sesongen.

I september 1962 deltok Jonsson på 100 meter då friidretts-EM fann stad i Beograd. Her var han slått ut allereie etter forsøksløpet. På 200 m derimot, imponerte han med å vinne på 20,8 sekundar i forsøket, dagen etter kvalifiserte han seg til finalen på distansen med tida 21,0. I finalen 16. september møtte han dei erfarne løparane, franske Jocelyn Delecour og polske Marian Foik, den unge italienaren Sergio Ottolina, samt tyske Heinz Schumann og briten David Jones. På oppløpsida la Jonssom dei andre løparane bak seg og vann på ny meisterskapsrekord, 20,7 sekundar, framom Foik og Ottolina på 20,8.

Berre 13 dagar etter EM-triumfen omkom Jonsson i ei bilulukke mellom heimstaden og Alvesta.

Kjelder endre