Oxfam
Oxfam er ein internasjonal, ideell, humanitær organisasjon som arbeider i meir enn 100 land for å redusera fattigdom og urettferd.
Oxfam | |||
| |||
Type | veldedig organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1942 | ||
Hovudkontor | Oxford | ||
Omsetjing | 486 570 000 britisk pund (2021) | ||
Donasjonar | 105 300 000 britisk pund (2021) | ||
Tilsette | 5 033 (2021) | ||
Nettstad | http://www.oxfam.org/ |
Oxfam vert koordinert på verdsbasis av Oxfam International, ein konføderasjon av Oxfam-organisasjonane i Australia, Belgia, Canada, Tyskland, Storbritannia, Hongkong, Irland, Nederland, New Zealand, Quebec, Spania og USA. Oxfam International har sekretariat i Oxford i England og avdelingskontor i Washington, DC, New York, Brussel og Genève. I Noreg held Oxfam til i Stavanger.
Oxfam har opphav i Oxford. Organisasjonen vart grunnlagd i 1942 som Oxford Committee for Famine Relief av presten Theodore Richard Milford og kvekarforsamling i Oxford for å senda mat gjennom Dei allierte sin blokade til innbyggjarane i det tysk-okkuperte Hellas. Den fyrste utanlandsavdelinga av Oxfam vart oppretta i Canada i 1963.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oxfam» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |