Påg
Påg er eit ord som i dialekten i Skåne i Sør-Sverige tyder gut, pojke på rikssvensk. Ordet vert nytta som nemningar eller namn av ulike verksemder som er knytt til Skåne, til dømes i nemninga pågatåg om lokaltog på jarnbanene i regionen, og som namn på bakeriverksemda Pågen AB («Guten AB»), som vart skipa i Malmö i Skåne, og som har fabrikk her og i Göteborg.