Pål Benum

norsk professor og langdistanseløpar

Pål Sverre Benum (fødd 3. august 1935) er ein professor i medisin og tidlegare langdistanseløpar frå Verdal. Benum er spesialist i ortopedi og arbeidde i mange år på ortopedi-avdelinga ved St. Olavs hospital i Trondheim. Åra 1962-64 vann han tre norske meisterskap på langdistansane 5000 m og 10000 m.

Pål Benum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. august 1935
Verdal kommune
Død

23. september 2021 (86 år)
Trondheim

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964

Utmerkingar

ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Medisin endre

Benum studerte medisin ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. I 1974 avla han den medisinske doktorgraden. Frå 1982 var han professor ved Det medisinske fakultet ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Han var sentral i oppbygginga av Ortopedisk avdeling ved universitetssykehuset St. Olavs Hospital.

Benum vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2006.

Idrett endre

Benum markerte seg i nasjonal friidrett i 1958-sesongen då han sette personleg rekord med 3.50,6 på 1500 meter. Gjennom 1959 flytta han den personlege rekorden til 3.47,6 og blanda seg inn i norsktoppen på 5 000 m med tida 14.29,2. I 1961 forbetra han seg til 14.18,6 då han vart nummer fire og beste nordmann i den nordiske meisterskapen i friidrett på Bislett stadion i Oslo.

Sesongen 1962 vart Benum norsk meister på 5 000 m og flytta persen ned eitt sekund til 14.17,6. På 10 000 m hadde han stor framgang, med 29.54,2 forbetra han seg med eit halv minutt på distansen. Året etter flytta han dei personlege rekordane til 14.12,6, oppnådd i Bergen, og til 29.47,6, prestert i Helsinki, den beste tida i Noreg det året.

I OL-sesongen 1964 sette Benum i Stockholm sin endelege personlege rekord på 5 000 m med eit løp på 14.06,6. Den 2. september 1964 gjorde han sitt livs sterkaste milløp då han på Bislett stadion fylgde Odd Fuglem nesten heile vegen i eit løp som gjekk i eit tempo langt under norsk rekord. Fuglem sin nye milrekord kom til å lyde på 29.09,4, Benum vart klokka inn på 29.13,6. Dermed fekk begge billett til Sommar-OL 1964 i Tokyo, der Benum vart nummer 19 på 10 000-meteren.

Han la opp etter 1965-sesongen.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1959: Bronsemedalje på 5 000 m – 14.37,5
  • 1961: Sølvmedalje på 5 000 m – 14.39,4, bak William Heiberg (14.37,0)
  • 1962: Gullmedalje på 5 000 m – 14.25,4, framom Kjell Teien (14.27,4)
  • 1963: Gullmedalje på 10 000 m – 30,20,8, framom Magnar Lundemo
  • 1964: Gullmedalje på 5 000 m – 14.51,6, og bronsemedalje på 10 000 m – 29.28,0

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no