Magnar Lundemo, (4. mars 19387. januar 1987) var ein norsk langrennar, friidrettsutøvar og langrennstrenar. Han var fødd i Meråker og døydde også der. Han var medlem av IL Varden.

Magnar Lundemo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1938
Meråker kommune
Død

7. januar 1987 (48 år)
Meråker kommune

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1960

Utmerkingar

Egebergs Ærespris

Langrennaren endre

Magnar Lundemo slo gjennom i langrenn under norgesmeisterskapet på Gjøvik i 1959, då han vann bronsemedaljen på 15-kilometeren, bak den klare vinnaren Harald Grønningen og Sivert Fagerholt. Dei neste 11-12 sesongane var han oftast å rekne mellom medaljekandidatane i NM-renna, sesongane 1960-65 var dei beste. Han var sterkast på dei kortaste distansane.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap endre

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1960: Nummer 16 på tremila i OL i Squaw Valley. Nr 7 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1961: Nummer 8 på 15 km i Lahti.
  • 1962: Nummer fire på 15 km under VM i 1962 i Zakopane, få sekund bak landsmennene Harald Grønningen og Einar Østby som vann sølv og bronse. Gjekk fyrste etappen på det norske laget som vart nummer fire. Nummer tre på 50-kilometeren i Lahti, der det vart tredobbelt norsk med Sverre Stensheim som vinnar.
  • 1963: Nr 7 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1964: Nummer åtte på 15 km under OL i Innsbruck. Nr 5 på 30 km i Svenska skidspelen i Kiruna.
  • 1965: Nr tre på 30 km Svenska skidspelen i Falun.
  • 1967: Nr 8 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1970: Nr 12 på femmila i Holmenkollen.
  • 1971: Nr 14 på femmila i Holmenkollen.
  • 1972: Nr 12 på femmila i Holmenkollen.

Både under VM 1962 og OL 1964 gjekk han fyrste-etappen for dei norske stafettlaga som ved begge høva vart nummer fire. Lundemo vann Engelbrektsloppet over 60 km i Norberg i Sverige 1970, 1972 og 1973. 1974 vann han Marcialonga 70 km i Italia.

Friidrettsutøvaren endre

Framifrå langdistanseløpar, åtte gongar norgesmeister. To av meisteskapa kom i baneløp, dei andre i landevegs- og terrengløp. Norgesmeister i 8 km terrengløp i 1960. Fire gull i 25 km landevegsløp fra 1961–1964. Norgesmeister i maraton i 1964.

  • 1960: NM-bronse på 5000 m.
  • 1961: NM, gull på 10 000 m (30.11,4) og bronse på 5000 m.
  • 1962: NM-gull på 10 000 m (30.01,0).
  • 1963: NM-sølv på 10 000 m.
  • 1966: NM-bronse 10 000 m.
  • 1968: NM-bronse 10 000 m.

Personlege rekordar endre

  • 3000 m hinder: 9.12,2 (1960).
  • 5000 m: 14.19,0 (1962).
  • 10 000 m: 29.30,4 (1966).

Alle rekordane oppnådd under stemne på Bislett i Oslo.

I 1967 vart han tildelt Egebergs ærespris for allsidig idrett.

Trenaren endre

Etter at han la opp som aktiv, fungerte han i mange år som skitrenar på lokalt og nasjonalt plan. Han tok i 1978 over som rikstrenar i langrenn i Norges Skiforbund. Som landslagstrenar nådde han toppen under VM på heimebane i Holmenkollen i Oslo i 1982.

Under OL i Sarajevo i 1984 gjekk Lundemo ut med påstandar om bloddoping i finsk langrenn.[1]

Til minne om Lundemo endre

Magnar Lundemo vart heidra av IL Varden som arrangerer Magnar Lundemos Minnecup, og eit eige minneløp kalla Magnar Lundemos toppløp. Dette er eit motbakkeløp til Fonnfjellet i Meråker. Lundemo sette sjølv rekord i dette løpet, i 1969.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  1. Arne Thoresen (26. februar 2002). «Den blodige historien». Dagbladet. Henta 30. desember 2016.