Opna hovudmenyen
Kvinne med påskehatt.
Foto: Nickolas Muray, 1945

Påskehatt er eit hovudplagg laga til eller teke i bruk ved påske. Han er særleg viktig i britisk og USA-amerikansk kultur.

Tidlegare var det vanleg å få nye klede til påske mange stader.[1] På 1800-talet fekk ein ny eller fornya hatt ei viktig stilling for kvinner av alle klassar. Slike hattar kunne ha mange utformingar, men var ofte sommarhattar laga av strå og pynta med band, blomar eller fjører.[2] Nye hattar blei også brukte av menn.[3]

Easter parade på 5th Avenue i 1908

I 1960-åra var det framleis ein assosiasjon mellom påske og nye hattar i USA.[4] Hatten har halde fram med å vera viktig for å dekkja til hovudet i samband med kyrkjegang i nokre kyrkjesamfunn. Det finst også framleis festivalar og paradar der ein viser fram påskehattar.[5]

Påskehatten, kjend på engelsk som Easter bonnet, blei udøydeleggjort av Irving Berlin i songen «Easter parade», framført i filmen av same namn. Denne var inspirert av påskeopptoget i New York langs Fifth Avenue frå St. Patrick's Cathedral:

In your Easter bonnet
with all the frills upon it,
You'll be the grandest lady in the Easter parade.[6]

I Storbritannia er det vanleg at barn (eller foreldra deira) lagar pynta hovudplagg til å syna fram ved påsketider.[7] Hovudplagga kan vera av strå eller papir, og pynta med vår- eller påskepynt som kyllingar, kaninar og egg.[8][9] Hattane kan vera del av ei tevling, og hendinga kan ved nokre høve vera knytt til innsamling av pengar.[10]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. Peter Opie, «Proposals for a Dictionary, Arranged on Historical Principles, of English Traditional Lore», Folklore 75.2 (Summer 1964:73-90) s. 77-80.
  2. Mimi Matthews (10. april 2017). «Easter Bonnets of the Late 19th Century». 
  3. «Easter Hats For Men». The Tacoma times. 28. mars 1904. s. 4. 
  4. «Lena Horne picks an Easter hat». Ebony. april 1962. 
  5. Alexandra S. Levine (14. april 2017). «New York Today: A Tip of the Hat for Easter». The New York Times. 
  6. Berlin, «Easter Parade», 1933.
  7. Judith Woods (28. mars 2015). «I'm in Easter bonnet hell». The Daily Telegraph. 
  8. Sophie Madge (28. mars 2018). «Easter Bonnet ideas - how to make an creative bonnet for your child». KentLive. 
  9. «Easter Bonnet Parade». Sullivan Primary School. Henta 3. mars 2019. 
  10. «Primary Easter Bonnet Parade». Henta 3. mars 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Påskehatt