Påskedag

(Omdirigert frå Påskemorgon)

Aa paaskedag, du høgtidsstund,
Du glede-vell i hjartegrunn,
For Krist hev siger vunne!

J.N.Skaar etter latinsk mellomaldersalme,
Nynorsk salmebok nr 263

Påskedagen er den fremste festdagen i den kristne kyrkja. Påskedagen feirar kyrkja bodskapen som i følgje evangelia først vart gjeven av nokre kvinner blant Jesu læresveinar: Dei gjekk for å sjå til Jesu grav, men fann ho tom. Jesus var stått opp frå dei døde. Evangeliet - den glade bodskapen - vert lesen ved alle gudstenestene.

Påskedagen vert symbolisert på mange vis - viktigast er den tomme krossen og det sigrande lammet. Påskedagen følgjer etter ei 40 dagar lang fastetid, og innleier ei kyrkjeleg festtid, med kvit som liturgisk farge.

Easter Sunday (1904). Måleri av George Hitchcock.
Jenter ved gudsteneste i ei African Apostolic Church i Sør-Afrika i 2006.

Tidfesting endre

Tidspunktet for påskedagen i den gregorianske kalenderen vert rekna ut etter påskeformelen. Han fell på søndag 31. mars i 2024, 20. april i 2025 og 5. april i 2026.

I Noreg fell påskedagen i følgje § 2 bokstav e i Lov om helligdager og helligdagsfred frå 2011 på første søndag etter første fullmåne som fell på eller etter 21. mars.[n 1] Dermed vil første påskedag alltid måtta liggja i tidsrommet 22. mars–25. april. I 1818 fall og i 2285 fell første påskedag på første moglege dato (22. mars). I 1886 og 1943 falt og i 2038 fell han på siste moglege dato (25. april). Andre påskedag er første mandag etter første påskedag.

Skikkar endre

Mange av dei som har overheldt fastetida feirar no med ein kjøttmiddag, spesielt er det vanleg å ete lam.

I mange land får barn påskeegg på påskedagen. Skikkane omkring dette varierer; i nokre land får dei papp- eller plastegg fylt med godteri, medan andre gøymer sjokoladeegg (lagt av påskeharen) som barna kan leite etter. Som mange andre kyrkjelege høgtider, vert dei i Noreg ofte feira frå kvelden i forvegen. Så òg med påskeegga.

Fotnotar endre

  1. Før ei lovendring i 2011 (lov nr. 40) sa § 2 bokstav e «første påskedag (første søndag etter første fullmåne som inntreffer på eller etter 21. mars (ved skuddår 20. mars))». Teksten i den andre parentesen vart fjerna etter at Almanakk-komiteen ved Universitetet i Oslo gjorde Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet merksam på at denne formuleringa ville føra til at første påskedag 2076 ville falla på 22. mars, i staden for det rette som er 19. april. Sjå saksopplysninger for lovendringa.