P.T. Helleberg er eit firma på Lillehammer som vart grunnlagt i 1897 av Peter Torgersen Helleberg frå Vestre Gausdal. Firmaet produserte frå starten syklar og sykkeldelar, seinare også ski og bilar. Frå 1914 dreiv Helleberg saman med Einar Haugen, og då Helleberg døydde i 1936 vart Arne Øglænd tatt opp som kompanjong.

P.T Hellebergs sportsforretning var i første etasje av Ormsrud Hotell i Storgaten 75. Her arbeidde mellom anna skiløparen Lars Høgvold. I skistativa stod utstilt heilved hickoryski frå Hellebergs skifabrikk på Vingnes. Den vart leia i den siste perioden av Arnold Solberg. Lønn for strevet fekk Helleberg under vinter-OL 1932, då Arne Rustadstuen fekk bronsemedalje på 50 km langrenn på Helleberg-ski.

I bakgarden i Storgata 75 var sykkelfabrikken, ein to-etasjes mursteinsbygning i kvit mørtel. Her var det ein sentral elektromotor i 2. etasje , som dreiv alle maskinene i første og andre etasje ved hjelp av reimdrift. I andre etasje var dei store forniklingsbada som gav finish til dei blanke delane på sykkelen. Dei vart polerte oppe i sliperiet i første etasje under forniklinga. Her var det mellom anna russaren Timofei Gunko arbeidde i ei årrekke. Sykkelen heitte «Trygg» og på ramma stod varemerket «Merket for kvalitet» med eit bilde av ein smilande Dovregubben på sykkel. Bygging av sykkelhjul skjedde sør i 1. etasje med Kristian Hoelshagen ved hjulrettaren. Verksmeisteren var den kjende børsemakaren Thorleif Simensen Bue. Han med fleire var mekanikarar av ypparste klasse.

T-forden kom til Noreg, vart Helleberg forhandlar. Bilane kom i lause delar, men i store komponentar i store kasser, og vart montert på Hellebergs Bilverksted vis-à-vis sykkelfabrikken. Her var den kjente mekanikaren og tusenkunstnar Knut Brenningen verksmeister. Kundane fekk klar melding dersom dei ikkje hadde handsama bilen på rett vis. Bensinstasjonen låg nord for sykkelfabrikken og bestod av ei handpumpe og to fylleglas kvar på 10 liter. Over stasjonen var eit fint tak av mur. Då finanskrisa i 20-åra nærma seg, gjekk det dårleg for Ford, og Helleberg fekk istaden agenturet for Chevrolet som blei det store hit frå slutten av 20-åra, i 30-åra og i 40-åra etter krigen.

I 1943 produserte foretaket 5000 syklar årleg, og hadde 80 tilsette. Då var verkstaden flytta i inn nye lokale i Nor og Vacuum i Kirkegata 54, populært vart den kalla NOR for ettertida og heiter det same i dag. Bensinstasjonen høyrte òg til Helleberg og spelte ei viktig rolle under krigen, då bilane med generatordrift hadde godt av å stå innandørs for lettare å starte om morgonen. Der var det tysk verksmeister under heile krigen. Fleire skjulte sabotasjehandlingar vart gjort på reparasjonar for tyskarane. Delar var vanskeleg å få tak i og sveising vart gjort og utført «litt svakt» så det ikkje skulle synast, med den følge at delen braut saman.

Etter krigen var det stor aktivitet i den store bilverkstaden i Kirkegata 54 som ligg nærast jernbaneparken. Ny kranbil vart kjøpt i 1947, ein 2,5 tonns Chevrolet med stor kapasitet. Mekanikarar var Kåre Riis, Osvald Holten, Erling Haugen, Knut Imerslund og Vidar Worum. Jobbfordelar var Magne Forsethlien. Verksmeister var herr Kristiansen, seinare avløyst av Kristian Rønning.

Firmaet Helleberg vart aksjeselskap i 1967 og heitte då Helleberg A/S og eksisterer i dag. Ved ein «spin off» vart delar av firmaet vidareført som Helleberg Bil as, som forhandla Opel.

Litteratur endre

  • Norske sykkelfabrikanter og grossisters forening : NSGF : 10. juni 1918-10. juni 1943. Redaksjon: Jonas B. Øglænd m.fl. Sandnes, 1943.

Kjelder endre