People for the Ethical Treatment of Animals
- For SI-prefikset, sjå Peta.
People for the Ethical Treatment of Animals (PETA) er ein internasjonal dyrevernsorganisasjon. Han blei grunnlagd i 1980 i Norfolk i den amerikanske delstaten Virginia av Ingrid Newkirk, som framleis er leiar, og Alex Pacheco.
People for the Ethical Treatment of Animals | |||
| |||
Type | 501(c)(3)-organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | mars 1980 | ||
Hovudkontor | Norfolk i Virginia | ||
Omsetjing | 44 609 539 US-dollar (2017) | ||
Donasjonar | 59 140 068 US-dollar (2020) | ||
Tilsette | 1 157 | ||
Medlemmer | 800 000 | ||
Motto | Animals are not ours to eat, wear, experiment on, use for entertainment, or abuse in any other way. | ||
Nettstad | https://www.peta.org |
Laget arbeider etter slagordet «dyra er ikkje til for at me skal å eta, ha dei på oss, eller bruka dei til underhaldning».[1] Dei kjemper mot fire hovudsaker: Industrilandbruk, pelsoppdrett, dyreforsøk og dyr som underhaldning. Dei engasjerer seg og mot mishandling av kjæledyr, hjelp for lausdyr og drap av det som blir rekna som skadedyr.[2] PETA driv kennelar for herrelause husdyr og føretek undersøkingar rundt behandling av dyr som dei så gjev ut, gjerne som reklame, oppfordrer til veganisme og utfører demonstrasjonar og markeringar. Nokre handlingar frå PETA-medlemmer har vore svært ekstreme, som trakassering av folk dei meiner står bak dyreplageri.
Kjelder
endre- ↑ «Animals are not ours to eat, wear, experiment on, or use for entertainment.» Sjå til dømes petakids.com Arkivert 2009-04-22 ved Wayback Machine.
- ↑ PETA's Mission Statement, vitja 27. mars 2009
- Denne artikkelen bygger på «People for the Ethical Treatment of Animals» frå Wikipedia på bokmål, og «People for the Ethical Treatment of Animals» frå Wikipedia på engelsk den 27. mars 2009.