Pa
- For måleeininga med forkortinga Pa, sjå Pascal.
- For grunnstoffet med forkortinga Pa, sjå, sjå protactinium.
Ein pa eller pā (uttala pah) var ein maorilandsby eller ei grend som var forskansa og bygd for forsvar. Dei vart sett på som sosiale senter for sin stamme og sosiopolitiske senter for alle iwiar. I eit maorisamfunn stod ein stor pa for mana til ein høvding eller rangatira. Nesten alle pa var bygde på trygge og grøderike område. Sjølv om dei var bygde for forsvar, gjorde dei i fremste rekkje teneste som bustadar.
Ein avgrensande faktor til desse maoriskansene var at mannskapa måtte forlata dei ofte for å dyrka jord, hausta avlingar eller sanka mat i naturen. Såleis kunne dei gjerne vera fråflytta i fire til seks månadar i året.
Bakgrunnsstoff
endre- Potts, Kirsty N. (2014). Murihiku Pa: An Investigation of Pa Sites in the Southern Areas of New Zealand (PDF) (Master of Arts). University of Otago.
- Prickett, Nigel (2016), Fortifications of the New Zealand Wars (PDF), Wellington: New Zealand Department of Conservation