Paal O. Aukrust, òg omtalt som Pål Aukrust (31. desember 188328. desember 1966) var ein norsk gardbrukar i Lom, og ein sentral kommunepolitikar i bygda i fleire periodar. Han vart vald inn i kommunestyret i 1909, 26 år gammal. Aukrust vart ordførar for Nasjonal Samling i 1940. I 1951 vart han på nytt vald som ordførar i bygda. I tillegg hadde han mange verv i ymse lag og organisasjonar i bygda. At han med bakgrunn som NS-ordførar vart attvald allereie i 1951, viser at han hadde ein svært spesiell posisjon i Lom. Han var onkel til forfattaren Kjell Aukrust.

Paal O. Aukrust
Fødd31. desember 1883
Lom kommune
Død28. desember 1966 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNasjonal Samling (1940; 1945), Senterpartiet (1940)
Yrkelokalpolitikar, bonde
Alle verv
  • ordførar i Lom
  • vararepresentant til Stortinget (1928–1930)
  • vararepresentant til Stortinget (1931–1933) Sjå dette på Wikidata

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Olstad, Kristian Walberg (2015). Tidligere NS-ordfører gjenvalgt i Lom etter krigen. NS-regimet i Lom, overgangen fra okkupasjon til demokrati og resosialiseringen av landssvikdømte (Masteroppgåve i historie). Universitetet i Oslo.