Opna hovudmenyen

Kjell Aukrust

norsk forfattar og illustratør

Kjell Aukrust (19. mars 192024. desember 2002) var ein norsk teiknar og forfattar frå Alvdal i Hedmark. Han var utdanna frå Kunst- og handtverksskulen. Etter krigen arbeidde han i ei tid som avistegner i Vårt Land, og vart snart etablert som en særprega yrkesteiknar. Kjell Aukrust er mellom anna representert i Nasjonalgalleriet og Museet for Samtidskunst. Aukrust-Senteret i Alvdal er i sin heilskap via kunstnaren sitt livsverk. Ei ny Aukrust-utstilling opna 1. oktober 2001 i Skimuseet i Holmenkollen. Utstillinga viser Kjell Aukrust, både som teikna, forfattar og målar.

Kjell Aukrust
Kjell Aukrust - 1965.jpg
Fødd 19. mars 1920
Alvdal
Død

24. desember 2002
Oslo

Yrke skribent, kunstmålar, illustratør, teikneserieskapar, manusforfattar

Kjell Aukrust debuterte med Simen i 1958, og det vart sidan ei rad bokutgjevingar. Bøkene er vortne filmatiserte med stor suksess. Filmen Flåklypa Grand Prix er mellom dei største suksessane i norsk filmhistorie. I 1998 vart teiknefilmen Solan, Ludvig og Gurin med reverompa sett opp på kinoane over heile landet. Dette var den første heilaftens norske teiknefilm nokonsinne. Stykket Krokryggen hadde premiere på Det Norske Teatret i Oslo den 28. februar 1998.

Kjell Aukrust vann Brageprisen sin heiderspris i 1999.

BakgrunnsstoffEndra