Pabbay ved Harris

Pabbay (skotsk-gælisk Pabaigh) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg i Sound of Harris mellom Harris og North Uist. Namnet kjem frå Papey, som er norrønt «Paparøya», papar var munkar frå Irland og Skottland.

Pabbay
Lokalt namn Pabaigh
Geografi
Pabbay ved Harris is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°46′N 7°14′W / 57.77°N 7.23°W / 57.77; -7.23
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 8,20 km²

Høgaste punkt Beinn a' Chàrnain (196 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Øya var ein gong særs frodig og det budde over 100 innbyggjarar på øya. Det vart eksportert korn og ulovleg whisky. Dei fleste statthaldarane på St. Kilda kom frå Pabbay. Alle innbyggjarane vart driven bort under Highland clearances og erstatta med sauer i 1846.

Kjelder

endre