Padda
- Denne artikkelen handlar om øya i Oslofjorden. For øya i Antarktis, sjå Padda i Antarktis.
Padda er ei øy i Oslofjorden. Ho ligg midt i Paddehavet, omkransa av Ulvøya, Malmøya og Ormøya.
Paddehavet er småbåtområde, og Padda er i stor grad hamn og opplagsplass for småbåtar. Det er òg ein slipp og eit bustadhus der. Tidlegare heitte Padda Tistelholmen, eit namn som visstnok skal kome av fuglenamnet teist. Like utanfor Padda i retning Ulvøya og Malmøya ligg Kaffeskjæret.59°52′31.022″N 10°46′12.126″E / 59.87528389°N 10.77003500°E
Denne geografiartikkelen som har med Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.