Teist

art i alkefamilien
Teist
Teist
Teist
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av teist
Utbreiinga av teist
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Cepphus
Art: Teist C. grylle
Vitskapleg namn
Cepphus grylle

Teist (Cepphus grylle) er ein sjøfugl i alkefamilien.

UtsjånadEndra

 
Teist i første leveåret i vinterdrakt.

Om sommaren er teisten heilt svart i fjørdrakta unnateke ein stor kvit vengjeflekk og dei raude føtene. Nebben er mørk og smal. Når fuglen flyg ser ein kvite vengekantar. Om vinteren skiftar fargen på hovudet og undersida til kvitt. Vengane har same fargane som om sommaren. Kjønna er like. Totallengda er 34-37 cm og vengespennet 52-58 cm.

UtbreiingEndra

Teist hekkar langs steinete kystområde i Nord-Atlanterhavet. Sørgrensene for utbreiingsområdet er Maine i Nord-Amerika og Irland i Europa, og mot vest går utbreiingsområdet til Alaska langs nordsida av Nord-Amerika.. Fuglane overvintrar gjerne i hekkeområdet, men kan også trekke noko sørover til vinteren. Om vatnet frys flyttar dei ut til ope vatn.

TaksonomiEndra

 
Teist på ei bøye

Mellom tre og sju underartar er skildra, av desse er fem vidt godkjende.

Førekomst i NoregEndra

Fuglen hekkar langs heile norskekysten, men manglar i dei indre delane av nokre fjordar. Arten er i fare for å bli utryddingstrua i Noreg, og er difor oppført på norsk raudliste 2006 i kategorien nær trua. Langs delar av Sørlandskysten og i Hordaland finst fuglen ganske spreidd. Viktigaste hekkeområdet for arten er ytre kystområda frå Møre og Romsdal til Vest-Finnmark. Beste hekkeområda for teisten er grunne kystområde med øyar, holmar og skjer, kombinert med taregrunnar. Fuglen jaktar først og fremst på gruntvassfisk og dyr i tareområda. Desse sonene er smale innover i fjordane, og næringsgrunnlaget der er lite.

Åtferd og fødeEndra

Fuglen dukkar frå overflata og sym under vatnet på matleit. Han et hovudsakleg fisk og krepsdyr, men også ein del blautdyr, insekt og plantedelar.

HekkingEndra

Teisten kjem til hekkeplassen frå april. Reiret er oftast godt skjult. Reiret er ei grop i underlaget, men egga kan òg leggast rett på fjellet.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Teist
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Cepphus grylle