Pākehā

(Omdirigert frå Pakeha)

Pākehā er eit uttrykk få New Zealand brukt for å omtala folk som ikkje reknar seg som maoriar, særleg folk med (anglo-)europeisk bakgrunn. Namnet tyder 'utlending' på maori, medan «maori» tyder 'heimleg'.[1] Ordet kom i bruk snart etter at nybyggjarar frå Europa byrja å busetja seg på New Zealand seint på 1700-talet. Omgrepet pākehā māori blei brukt om tidlege innvandrarar som levde blant maoriar. Ordet er også brukt i Waitangitraktaten, New Zealand sitt grunnleggingsdokument frå 1840.[2]

John Key og Helen Clark. Dei fleste newzealandske statsministrar har vore pākehā.

Opphav og bruk av ordet endre

Ordsoga til ordet har vore omdiskutert på New Zealand, og har vore oppfatta som nedsetjande. Ei vanleg misoppfattinger at det tyder 'kvit gris', 'lang gris' eller liknande. Andre forklaringar tek ordsoga til ord som pākehakeha, som hjå somme maoristammer kjenneteiknar mytiske «fiskemenn», eller pakepakehā, ein annan type mytiske menneskeliknande skapningar med lys hud og lyst hår.[3] Den enklaste forklaringa er at ordet tyder «utlending».[1]

Medan fleire newzealandarar kallar seg sjølv «pakeha», finst det også mange som nektar å bruka det. Ordet er i utstrekt bruk i den største dagsavisa i landet, New Zealand Herald. Men då folketeljingsskjemaet i 1996 brukte kategorien «NZ European or Pakeha», førte dette til motstand frå fleire hald, og ein gjekk seinare tilbake til kategorien «New Zealand European».

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Pakeha» i Oxford English Dictionary
  2. Maori text - read the Treaty ved nzhistory.net.nz
  3. Ranford, Jodie. ‘PAKEHA’, ITS ORIGIN AND MEANING. maorinews.com
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.