Pakketur eller chartertur er ei organisert feriereise der same leverandør ordnar både transport og overnatting. Når ein slik går til sørlege strøk frå nord kan ein også kalla han sydentur.

Playa del InglésGran Canaria er et populært reisemål for nordeuropeere på pakketur – gjerne kjent som «sydentur».

Pakketurar i Skandinavia endre

 
Palma de Mallorca. Mallorca var primærreisemålet då charterreiser med fly blei populære i Skandinavia på 1960-talet.

I Skandinavia var den danske presten Ejlif Krogager, «Tjæreborgpresten», var først ute med å arrangera pakketurar. I 1950 leigde han to bussar for kyrkjelyden sin, som kryssa den spanske grensa den 8. juli. Krogager sjølv var reiseleiar.

Etterspurnaden etter liknande reiser var stort, og allereie året etter skipa han sitt eige busselskap, Nordisk Bustrafik. Dei første åra var det Spania og middelhavskysten som var dei primære reisemåla. Etter overgang til charterfly var hovudreisemålet dei første åra Mallorca.

Frem til 1959 nytta norske turoperatørar danske og svenske flyselskap. Før norske selskap kom på banen var det dei danske turoperatørane Tjæreborg og Spies Rejser som dominerte den norske marknaden.

Den første pakketuren med norsk charterfly blei arrangert av Erik Myhres Reisebyrå i samarbeid med Norrønafly, som hadde skaffa eit Convair 240 (LN-LAU). Første tur tok av frå Fornebu sommeren 1959. Dette året blei det transportert om lag 400 passasjerar fra Noreg på pakketur. Då kostet ein tur på to veker med hotell og mat 1500 kroner.

I tillegg til Erik Myhres Reisebyrå etablerte Saga Tours seg i 1959. Seinare blei det danske Stjernereiser, no Star Tours, skipa. Norsk Folke-Ferie, som hadde bakgrunn i Landsorganisasjonen organiserte hovudsakleg bussturar innanlands.

Åra frå 1953 til 1993 var ein periode då det dukka opp stadig nye charterselskap i Skandinavia og Europa elles, som også kunne nyttast av norske turoperatørar og reisebyrå. Mange selskap fekk kort levetid. Konkurransen var hard, og dei fleste selskapa måtte etter kvart gje seg. Omstende som at charterpassasjerar blei ståande igjen på feriestaden utan at arrangøren kunne organisere heimreise førte til at Reisegarantifondet blei oppretta.

I 1995 blei sal og marknadsføring av pakketurar lovregulert gjennom Pakkereiseloven.

Berekningar frå norsk charterbransje viste at rundt 875 000 nordmenn drog på sydentur sommaren 2013. Hellas var det mest populære ferielandet med 277 000 norske vitjande, medan Tyrkia kom på andreplass med 260 000 vitjande. Desse to landa er typiske sommar-reisemål, medan Spania meir er ein helårsdestinasjon for nordmenn på sydentur.[1]

Charterselskap endre

Liste over tidlegare nordiske charterselskap
  • Laodair. Bromma (1950–)
  • Transair Sweden Bromma. Torslanda. Bulltofta (1961–1991)
  • Flying Enterprise Kastrup. (1959–1965)
  • Spantax Spania (1959–1988)
  • Norrønafly Fornebu. Opererte palmaflyvninger høsten (1959)
  • Nordair. Kastrup (1960–1964)
  • Sterling Kastrup (1961–1993)
  • Ostermanair. Bromma. (1963–1965)
  • Torair. Torslanda, Göteborg (1964–1969)
  • Aeronord– Kastrup (1965–1965)
  • Conair Kastrup (1965–1993)
  • Polaris Air Transport Fornebu (1965–1974)
  • Internord Kastrup. (1965–1968)
  • Scanair Fornebu. Bromma. Kastrup (1965–1991)
  • InterSwede Aviation. Bulltofta. (1971–1972)
  • Skyline Sweden, Malmö (1971–1977)
  • Trans Polar, Fornebu (1971–1972)
  • Falconair
  • Finlantic
  • Air Sweden. Arlanda. (1991–1993)

Kjelder endre

  1. «Her er sommerens mest populære ferieland». Dagbladet. 19. februar 2013. Henta 16. april 2014.