Gran Canaria
Gran Canaria er ei av Kanariøyane. Ho ligg i Atlanterhavet om lag 150 km utanfor nordvestkysten av Afrika og om lag 1350 km frå Europa.[1]
Gran Canaria | |
---|---|
Flagget til Gran Canaria | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 27°58′N 15°36′W / 27.967°N 15.600°W |
Øygruppe | Kanariøyane
|
Areal | 1560 km²
|
Høgaste punkt | Pico de Las Nieves (1949 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Spania |
Provins | Las Palmas |
Største busetnad | Las Palmas de Gran Canaria (381 123 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 829 597 (2008) |
Folketettleik | 531 /km² |
Gran Canaria er den nest folkerikaste øya i Kanariøyane etter Tenerife.[2]
Øya blir (per 2013) årleg vitja av 5 millionar menneske.
For mange norsktalande, reknast Gran Canaria for å vera i «Syden».
På trass av sitt namn er Gran Canaria ikkje den største av Kanariøyane.
Historie
endreØya vart folkesett av guanchar, som kan ha kome her så tidleg som 500 f.Kr. Kanariane kalla øya Tamarán. Etter over eit hundreår der europearane prøvde å erobre øya, vart ho til slutt erobra 29. april 1483 av kongedømet Castilla med støtte frå dronning Isabella I. Det var eit viktig steg i utvidinga av Spania.
Hovudstaden Las Palmas de Gran Canaria vart grunnlagd 24. juni 1478 med namnet Real de Las Palmas av Juan Rejón, som leia invasjonen. I 1492 ankra Kristoffer Columbus opp i hamna i Las Palmas på den første turen hans mot Amerika.
Geografi
endreGran Canaria ligg søraust for Tenerife og vest for Fuerteventura. Øya har vulkansk opphav og består hovudsakleg av sprekkventilar. Gran Canaria er den nest folkerikaste øya i Kanariøyane etter Tenerife og har eit areal på 1560 km². Det høgaste punktet på øya er Pico de Las Nieves på 1949 moh. Øya har ei rund form og er om lag 50 km i diameter.
Gran Canaria er delt inn i 21 kommunar:
Øya hadde 820 257 innbyggjarar i 2005 og av desse budde 378 628 i hovudstaden Las Palmas de Gran Canaria. Las Palmas de Gran Canaria er òg hovudstaden i provinsen Las Palmas og ein av to hovudstader i det autonome området Kanariøyane i lag med Santa Cruz de Tenerife.
Klima
endreGran Canaria har ein normal maksimumstemperatur som varierer frå 20 °C om vinteren til 26 °C om sommaren. Ein kan få nokre kjølige netter om vinteren, men temperaturer under 10 °C er særs sjeldan ved kysten. I innlandet er klimaet framleis mildt, men i fjellområda kan ein stundom få frost eller snø. Varme søraustlege vindar frå Sahara kan presse temperaturen opp mot 40 °C i somme tilfelle, men desse episodane varer som regel ikkje lenge. Den normale årsnedbøren er 228 mm, og det meste av dette kjem i dei kjøligare månadane. Frå juli til september kjem det som regel lite og ingenting. Nedbøren er òg ujamt fordelt over øya og enkelte område er langt tørrare enn andre. Skydekke og soltimar er nokså variable i dei kjøligare månadane, og ein kan få fleire skya dagar på rad om vinteren. Om sommaren er det som regel sol.
Turisme
endreØya vert kalla eit «miniatyrkontinent» på grunn av det varierande klimaet og det varierte landskapet med lange gylne strender og endelause dyner med kvit sand, grøne ravinar og vakre landsbyar.[3] Ein tredjedel av øya er verna som eit biosfærereservat av UNESCO.
Øya har om lag 2,2 millionar vitjande kvart år. Dei fleste turistane vitjar den sørlege delen av øya. Den nordlege delen er noko kjøligare, medan den sørlege er meir solrik og varmare. Austkysten av øya har mange strender, medan vestkysten er meir prega av klipper og fjell.
Øya har 32 verna naturområde.[4]
Galleri
endre-
El Confital i Las Palmas
-
Strand på Amadores
-
Den største flyplassen på øya sett frå lufta
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gran Canaria» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Situación y Clima. Ayuntamiento de Las Palmas de Gran Canaria.
- ↑ Cifra de población referida al 01/01/2008 según el Instituto Nacional de Estadística
- ↑ Gran Canaria – Official Canary Islands Tourism, arkivert frå originalen 18. mars 2009, henta 15. august 2009
- ↑ Espacios Naturales Protegidos de Gran Canaria Font: Gobierno de Canarias, arkivert frå originalen 23. mars 2007, henta 15. august 2009