Pakningsindeks
Pakningsindeks er i krystallografi forholdet mellom volumet av iona (atoma) og volumet av einingscella i eit krystallinsk stoff, dvs eit uttrykk for kor tett atoma er pakka i krystallstrukturen. Ei anna form for pakningsindeks er definert som volumet av einingscella dividert med mengder anion i cella.
Kjelder
endre- Pakningsindeks. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pakningsindeks.