Slott
(Omdirigert frå Palass)
Slott eller palass er ein stor, praktfullt bygning som gjerne bygd for å markera makt over eit område eller visa fram rikdommen til byggherren. Eit slott kan vera ein del av ein festning eller ei borg, eller ha slike byggverk nær ved. Slott blei makt- og regjeringssenter etter mellomalderen, og voks fram frå meir funksjonelle borger.[1]
Slott har vore og er nokre gonger framleis residens og administrativt sete for ein fyrstefamilie (t.d. Slottet i Oslo og Buckingham Palace i London), men det blei også reist jakt- og lystslott til fritidsopphald (t.d. svenske Kina slott og Falkenlust) og sommarslott med store parkar (t.d. Drottningholms slott og Trianon i Versailles).
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «slott» i Store norske leksikon, snl.no.