Palićsjøen (serbisk Palićko jezero, Палићко језеро) er ein innsjø 8 km frå Subotica, nær byen Palić i Serbia. Han har eit areal på 3,8 km² og eit middeldjup på 2 meter.

Palićsjøen
innsjø
Land  Serbia
Areal 4,2 km²
Middeldjupn m
Koordinatar 46°03′N 19°45′E / 46.050°N 19.750°E / 46.050; 19.750
Kart
Palićsjøen
46°04′12″N 19°44′51″E / 46.07°N 19.7475°E / 46.07; 19.7475
Wikimedia Commons: Palić lake

Innsjøen skal ha tørka opp ved fleire høve, men alltid vorte fylt med vatn att. Det vart oppretta ein park i 1840 då det vart oppdaga at vatnet og gjørma i innsjøen hadde helsebringande eigenskapar. Parken utgjer i dag om lag 190 000 m².

Palić er ein naturpark og eit verna området. Heile den 17 km lange breidda er omarbeidd med stiar for gåturar og sykling. Palić er ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Vojvodina og den femte mest vitja i heile Serbia.

Ein villa med casino og cafe

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for Palić frå Wikivoyage

Kjelder

endre