Palmarola er ei klippefull øy i Tyrrenhavet utanfor vestkysten av Italia. Ho er ikkje busett, men er den nest største av Dei pontinske øyane og ligg om lag 10 km vest for Ponza. Øya har eit areal på 1,36 km².

Palmarola og Dei pontinske øyane
Palmarola sett frå Ponza

Palmarola er ei øy full av bratte klipper med enkelte naturlege grooter og bukter. Det høgaste punktet på Palmarola er Monte Guarniere på 249 meter over havet. Øya er hovudsakleg eit naturreservat, men det er enkelste hamner der båtar kan legge til kai og fleire restaurantar som serverer turistar i sommarsesongen.

Pave Silverius vart send i eksil og døydde på Palmarola i 537 etter usemje i kyrkja om forholdet til den bysantinske keisaren i Konstantinopel. Silverius, som seinare vart kanonisert som St. Silveriu, er vernehelgen for øya Ponza.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre