Pamela Jelimo
Pamela Jelimo (fødd 5. desember 1989) eller Chelimo er ein kenyansk friidrettsutøvar som spesialiserer seg på 800 meter.
Pamela Jelimo | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 5. desember 1989 (34 år) Nandi fylke |
Yrke | mellomdistanseløpar |
Språk | engelsk, swahili |
Høgd | 173 centimeter |
Pamela Jelimo på Commons |
Jelimo begynte å springa som 13-åring, ho gjekk då på skule i Kapsabet. Ho begynte som sprintar. I juni 2007 kom ho på 5. plass i Kenya-meisterskapen på 400 meter. Det same året vann ho gull på 400 meter i den afrikanske juniormeisterskapen og sette kenyansk juniorrekord på 200 meter, med 24,68 sekund. Ho skal ha sprunge den første 800 meteren sin den 19. april 2008, med resultatet 2:01,02.
Gjennombrotet til Jelimo kom i afrikameisterskapen i friidrett i 2008, då ho var 18 år gamal.[1] Ho sette ny kenyansk juniorrekord på 800 meter, med 1:58,70. 25. mai 2008 vann ho Hengelo grand prix og sette ny juniorverdsrekord med 1:55,76.[2] 1. juni 2008 sette ho ny afrikansk rekord, med 1:55,19 i eit Golden League-stemne i Berlin. Ho forbetra rekorden den 18. juli til 1:54,97 i Paris. Dette var den fjerde Golden League-sigeren hennar på rad.[3]
18. august 2008 vann Jelimo OL-gull på 800 m under Sommar-OL 2008 i Beijing. Ho vann på tida 1.54.87 - ny personleg rekord, og vart samtidig fyrste kenyanske kvinne som vann eit OL-gull.
Merittliste
endreÅr | Turnering | Stad | Resultat | Distanse |
---|---|---|---|---|
2007 | Afrikansk juniormeisterskap | Ouagadougou, Burkina Faso | 1. | 400 m |
2008 | Afrikameisterskap | Addis Abeba, Etiopia | 1. | 800 m |
2. | 4x400 m stafett |
Referansar
endre- ↑ IAAF:May 4, 2008: Chelimo defeats Mutola, K. Bekele takes 5000m - African Championships, final day
- ↑ IAAF, May 24, 2008: Saladino, Jelimo and Gebrselassie the stars in Hengelo – IAAF World Athletics Tour
- ↑ IAAF, July 18, 2008: Jelimo 1:54.97; Robles 12.88; Wariner 43.86 in Paris - ÅF Golden League, Paris