Pamvótidasjøen
Pamvótidasjøen (gresk Λίμνη Παμβώτιδας Límni Pamvótidas), òg kalla Ioánninasjøen (gresk Λίμνη Ιωαννίνων, Límni Ioannínon), er den største innsjøen i Ípiros i Hellas og ligg nær den sentrale delen av periferieininga Ioánnina i Hellas. Han ligg aust for byen Ioánnina, medan småbyen Pérama ligg i nord. Resten av dei omliggande områda er jordbruksområde, medan områda lenger nord og aust er fjellendt. I innsjøen ligg det ei lita øy like ved byen Ioánnina. Det er den einaste busette øya i ein innsjø i Hellas. Øya har ikkje noko namn, men blir berre omtalt som Øya (gresk Η νίσος, I nísos) eller Ioánnina øy.
Pamvótidasjøen | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Ípiros | ||
Innsjøtype | Reservoar | ||
Lengd | 8 km | ||
Breidd | 3−4 km | ||
Areal | 50 km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Byar | Ioánnina og Pérama | ||
![]() Pamvótidasjøen | |||
Wikimedia Commons: Lake Pamvotis | |||
Forureining øydelegg leveområda til dyra som brukte å leve her. Eutrofiering er hovudproblemet og om sommaren er blågrøne algar ganske vanleg.
Kjelde endre
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Ioannina frå Engelsk Wikipedia .