Panagiotis Kanellopoulos
Panagiotis Kanellopoulos (13. desember 1902–11. september 1986) var ein framståande gresk politikar og statsminister. Som statsminister i Hellas blei han avsett av den greske militærjuntaen som hadde makta i landet mellom 1967 og 1974.
Panagiotis Kanellopoulos | |||
| |||
Fødd | Παναγιώτης Κανελλόπουλος 13. desember 1902 Pátra | ||
---|---|---|---|
Død | 11. september 1986 (83 år) | ||
Statsborgar av | Hellas | ||
Yrke | politikar, filosof, universitetslærar, skribent | ||
Institusjonar | Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten | ||
Utdanna ved | Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten Universitetet i Heidelberg Ludwig-Maximilians-Universität München A΄ Gymnásio Patrón | ||
Medlem | Akademiet i Aten | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreBakgrunn
endreKanellopoulos studerte juss ved universiteta i Athen, Heidelberg og München. Han var professor i sosiologi i Aten frå 1929 til 1935.[1] Han skreiv fleire bøker som mellom anna tok for seg emne som politikk, juss, sosiologi og filosofi. Boka hans ‘Eg er fødd i 1402’ fekk ein litterær pris frå Akademiet i Athen. Han blei gift med Theano Poulikakos (Θεανώ Πουλικάκου).
Då Hellas blei okkupert av aksemaktene under andre verdskrigen i 1941 skipa han motstandsgruppa Omiros. I 1942 flykta han til Midtausten.
Politikar
endreKanellopoulos blei forsvarsminister i eksilregjeringa til Tsouderos. Etter frigjeringa i 1945 blei han statsminister i ein kort periode, frå 1. til 22. november 1945. Etter verdskrigen blei han minister for gjenoppbygginga av alle skadane som var blitt påført landet under den andre verdskrigen. Gjenoppbygginga skjedde under statsminister Georgios Papandreou, som då sat i ei nasjonal samlingsregjering.
Kanellopoulos sat også i andre ministerpostar under statsministrane Alexandros Diomidis, Konstantinos Karamanlis og andre statsministrar fram til 1967, då han sjølv blei statsminister på nytt.
Statsminister
endre9.juli 1961 blei Kanellopoulos innsett som visestatsminister i regjeringa til Konstantinos Karamanlis.
Då ERE trekte støtta si til president Ioannis Paraskevopoulos si regjering den 3. april 1967, blei Kanellopoulos statsminister igjen, men berre i 18 dagar. Kanellopoulos var den siste statsministeren før statskuppet som blei gjennomført av militærjuntaen leia av Georgios Papadopoulos den 21, april 1967 Etter kuppet sat han i husarrest dei neste sju åra. Etter at militærjuntaen blei kasta i 1974 fekk Kanellopoulos høve til å bli den neste presidenten i Hellas, men avslo.
Han stilte til parlamentet på vanleg måte, og stilte som statsministerkandidat, men tapte då ved vala.
Kjelder
endre- ↑ «Panayotis Kanellopoulos» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Panagiotis Kanellopoulos» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2024.