Panduro Hobby AB er ein svensk butikkjede som sel materiale og utstyr til hobbybruk. Kjeden har hovudkontor og sentrallager i Malmö, og butikkar i Sverige, Danmark, Noreg, Tyskland, Nederland og Belgia, og forhandlarar i Frankrike, Tyskland, Storbritannia, Finland og Island.

Finsmeden Carlo Panduro, som var av spansk ætt, byrja laga eigne souvenirar og smykke i Danmark etter andre verdskrigen, og tok etter kvart til med sal frå eigen butikk, mellom anna av materiale til kunder som ynskte å laga ting sjølve. Sonen Jörgen Panduro utvikla veksemda og byrja levere til offentlege institusjonar. Han flytta til Sverige i 1962, og i august dette året opna han butikk i Södra Förstadsgatan i Malmö.[1]

Fotnoter

endre

Bakgrunnsstoff

endre