Pantropisk utbreiing

Pantropisk er eit biogeografisk omgrep for ei utbreiing som omfattar tropiske regionar i alle verdsdelar.[1] Omgrepet kan omfatta ein enkelt art, ei biologisk slekt eller ein større familie.

Grupper med utviklingslinjer ein kan føra langt tilbake har større sjanse for å vera pantropiske, ettersom dei kunne befolka kontinenta før dei skilde lag. Grupper kan også bli pantropiske gjennom langdistansepreiing, til dømes kokospalme som er blitt utbreidd ved hjelp av havstraumar. Menneskeleg transport, både vilja og utilsikta, kan også vera opphav til pantropisk utbreiing.[2]

Nokre pantropiske grupper er mellom anna planteslektene Acacia og Bacopa.[3]

Kjelder

endre
  1. Andrés Moreira-Muñoz (2010). «Asteraceae: Chile's richest family». Plant Geography of Chile. Plant and Vegetation 5. Springer. s. 221–248. ISBN 978-90-481-8747-8. doi:10.1007/978-90-481-8748-5_8. 
  2. Anders Barfod, «pantropisk udbredelse», Den Store Danske, Gyldendal, henta 17. desember 2016 
  3. Andrés Moreira-Muñoz (2010). «Geographical relations of the Chilean flora». Plant Geography of Chile. Plant and Vegetation 5. Springer. s. 87–128. ISBN 978-90-481-8747-8. doi:10.1007/978-90-481-8748-5_3.