Kokospalme
Kokospalme (Cocos nucifera) er ein palmeart kjend for å produsera kokosnøtter. Kokospalmen stammar frå Malaysia og Polynesia, men har spreidd seg til heile det tropiske området, delvis naturleg og delvis med menneskehjelp.
Kokospalme | |
Kokospalme | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Palmeordenen Arecales |
Familie: | Palmefamilien Arecaceae |
Underfamilie: | Arecoideae |
Stamme: | Cocoseae |
Understamme: | Butiinae |
Slekt: | Cocos |
Art: | Kokospalme C. nucifera |
Vitskapleg namn | |
Cocos nucifera |
Palmen kan bli opptil 25 m høg og har ein rik dusk av 2–3 meter lange fjøra blad på toppen av den slanke, ugreina stammen. Frå treet er 5 år ber det blomar og frukter, som sit i bladhjørnene. Blomsterstanden er ein greine kolbe der hannblomane sit i greinspissane medan eit fåtal hoblomar sit ved grunnen. Eit fullvakse tre gjev 5–10 frukter kvar månad.
Ulike produkt frå kokosnøtt, blad og stammen er særs viktige i mange kulturar. Dei blir brukte som næringsmiddel, materiale og som indsutriråvare, i form av mellom anna kokosfeitt, kokosfiber og kokosmasse.
Kokospalmen er ein saltplante som kan vatnast med havvatn og elles krev tilførsel av klor og natrium. Ofte dyrkar ein plamen saman med andre vekstar som ananas, mais, solsikke, kaffi, kakao, banan og sitrusfrukt.
Kjelder
endre- «Kokospalme» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) kokospalme i Encyclopedia of Life
- (en) kokospalme i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) kokospalme hos Dyntaxa
- (en) kokospalme hos ITIS
- (en) kokospalme hos NCBI
- (en) kokospalme hos The International Plant Names Index
- (en) kokospalme hos Tropicos
- (en) Kategori:Cocos nucifera – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Cocos nucifera – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cocos nucifera – detaljert informasjon på Wikispecies