Opna hovudmenyen

Koordinatar: 58°57′40.345″N 5°44′41.658″E Paradis er namnet på eit område som ligg like sør for Stavanger sentrum. Det ligg mellom bydelane Våland og Storhaug i Stavanger, i skråningen frå Storhaug ned til Hillevågsvatnet. Området blei første gong nemnt med dette namnet i 1686.[1] Han har gjeve namnet til gatene Paradisveien og Paradissvingen og til Paradis stasjon på dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes.

UtbyggingEndra

Paradis blei delt opp i fleire tomter i 1872, og frå denne perioden finst fleire villaer i sveitserstil. Dei sørvestvendte bakkane med utsyn over Hillevågsvatnet gjorde staden til eit fornemt strøk både då og seinare.[2]

Frå 2007, då Stavanger godsterminal blei flytta til Ganddal, byrja ein bruka namnet «Paradis» også om området langs vestsida av Hillevågsvatnet. Det blei planlagd ei omfattande byutvikling frå nye Paradis stasjon på dobbeltsporet mot Sandnes til Lagård gravlund. Det blei planlagd å byggja ut eit areal på totalt 100 dekar til parkar, grøntområde, strandpromenade og ny vegtilknytying. Ein gjekk etterkart vekk frå planane då Jernbaneverket, som eig eigedommen, ikkje ville flytta driftsbanegarden sin.[3]


BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. «Paradis» i Stavanger byleksikon, Stavanger: Wigestrand (2008), s. 372.
  2. «Paradis» ved erlingjensen.net
  3. Stein Halvår Jupskås: «Ikke helt Paradis likevel», Stavanger Aftenblad, 27.09.2008; Isioma Daniel, Stein Halvor Jupskås: «Stavanger kan måtte vente lenge på Paradis», 12. mai 2009